Sakshandsamar byggjesak
Org. nr: - Stillingsident: 4400744874 Presentasjon av stillingen:
Tysnes kommune har ledig eit årsvikariat som sakshandsamar innan byggjesaker med oppstart 1.oktober 2021.
Eining for forvaltning er har 5 tilsette og utgjer eit tverrfagleg miljø i kommunen sin administrasjon når det gjeld handsaming av byggjesaker, kart og oppmåling og landbruk. Då ein av våre tilsette skal ut i foreldrepermisjon, søkjer me etter ein vikar til teamet vårt.
Me søkjer etter ein person som har erfaring med handsaming av byggje- og reguleringssaker, og god kjennskap til aktuelle lover og forskrifter innan faget. Stillinga har i stor grad sjølvstendige arbeidsoppgåver og krev at du er strukturert og målretta.
Arbeidsoppgåver
-
Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Tysnes kommune
Referansenr.:4400744874
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 04.07.2021
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.