Rektor Ferkingstad skole
Beskrivelse av arbeidsplass
Det er godt å vera på jobb på Ferkingstad skule. Me har rundt 140 elevar, så det er greit å bli godt kjent med alle elevane. Til hausten er me 16 lærarar, 6 miljøarbeidarar og 1 lærling. På kontoret har me også folk to dagar i veka. Skolen har ein administrasjonsressurs på 100 % og har pr. i dag ikke undervisningsinspektør, den som blir tilsett som rektor har mulighet til å være med å vurdere om ein skal ha undervisningsinspektør i tillegg.
Ferkingstad skule er ein barneskule som satsar på lesing. Målforma er nynorsk. Dette er ein barneskule som har tilsette som er flinke til å driva skulen framover, som har lyst til å utvikle seg og som saman gjer ein god jobb på Ferkingstad.
Skolen har ei god plangruppe som består av lærarar som jobbar godt saman for at me som skule skal utvikle oss. Denne gruppa er viktig for rektor slik at ein får gode prosessar i lærargruppa. Her er det sett av tid til samarbeid kvar veke.
Lærarane er vant til og flinke til å samarbeide, difor kjenner nok elevane at me ofte er samstemte og gode på reglar og rutinar. Det er ei god elevgruppe og ei kjekk foreldregruppe.
På Ferkingstad skule ligg forholda godt til rette for vidare utvikling.
Ansvarsområde
- pedagogisk leiing og utvikling
- administrativ og økonomisk styring
- personaloppfølging
Kvalifikasjonar
Vi søker ein rektor som:
- kan leie og motivere medarbeidarar til samarbeid og målretta utviklingsarbeid
- kan leie og utvikle det pedagogiske arbeidet slik at det bidrar til å auke læringsutbytte til kvar elev
- kan forvalte skolens totale ressurser på ein måte som sikrar god undervisning og læring
- har høgare utdanning med relevant pedagogisk utdanning
- har undervisningserfaring frå grunnskolen
- har leiarerfaring og gode leiareigeskaper
- har, eller ynsker å ta leiarrutdanning
- kan gi og ta imot veiledning
- kommuniserer godt med både medarbeidarar, elevar og foreldre
Personlige egenskaper
- god på samhandling og relasjonsbygging
- vere målretta og løysningsorientert
- ha fokus på arbeidsmiljø og personaloppfølging
Vi kan tilby
- eit godt arbeidsmiljø
- eit godt nettverk med andre skoleleiarar i kommunen
- eit aktivt og støttande skolekontor
- gode pensjons- og forsikringsordninger
- generelle lønnsplasseringer i henhold til Hovedtariffavtalen
Tilsetting på vilkår og avtaler som gjelder innan skolefeltet. Det er krav om gyldig politiattest.
Slik søker du
Karmøy kommune mottar bare elektroniske søknader, se under avsnittet Søk til høyre. Ta kontakt med servicetorget på rådhuset eller NAV dersom du trenger hjelp til å søke elektronisk.
Om bedriften
Karmøy kommune ligger i Nord-Rogaland og er regionens største kommune med mer enn 42000 innbyggere. Hos oss finner du et godt bo- og oppvekstmiljø og et rikt kultur- og fritidstilbud. Vi legger vekt på å yte god service og høy kvalitet på alle våre tjenester.I kommunen er det ca 3000 ansatte i hel- og deltidsstillinger og kvalitet, respekt og ansvar er verdiene som ligger til grunn for vår organisasjon.Karmøy kommune - kommunen som vil at du skal lykkes