Osterøy kommune søkjer dyktige barnevernskonsulentar!
Kort om stillinga:
Vil du vere med å utvikle vår barnevernteneste? Osterøy kommune er vertskommune for Vaksdal og Modalen barnevernsteneste. Saman skal me skape gode tenester å bidra til at barn og unge får den hjelpa dei treng. Vil du vere ein del av eit engasjert og levande arbeidsmiljø? Då kan du vere personen vi søkjer!
Osterøy barnevernteneste lyser ut eit vikariat som sakshandsamar i 100% stilling med oppstart snarast tom 25.04.2023.
Barneverntenesta har i dag 11 tilsette. Barneverntenesta er organisert i Familiens hus. Her finn du og tenestene PPT, barn- og familieteamet og Osterøy helsestasjon. Familiens hus er plassert i sektor for oppvekst, undervisning og kultur. Vår barnevernteneste har fokus på tidleg innsats, og ønskjer difor i tillegg å fylgje opp einskildsaker å bidra på systemnivå i høve satsing på førebyggjande arbeid for alle barn i tråd med ny barnevernlov/oppveksteform. Familiens hus er lokalisert i nye, fine lokale i Lonevåg sentrum. Tenesta disponerar også kontorlokaler i Vaksdal.
Arbeidsoppgåver:
- Rapportere til næraste leiar i sakar i hht. framdriftsplan og øvrige planer.
- Rapportere snarleg til næraste leiar dersom ansvarsområda ikkje gjennomførast innan angitte frister og lovkrav.
- Dokumentere arbeidet i sin heilhet
- Oppretthalde framdrift i sakar som ein har hovudansvar for.
- Tett tverrfagleg samarbeid med kommunen sine øvrige tenester til barn, unge og deira familiar, der fokus er å sjå familien i eit heilskapleg perspektiv.
- Representere kommunen i rettsinstansar og delta i vidareutvikling av tenesta sitt tilbod.
- Utstrakt kontakt med barn og foreldre, der barnesamtale og medbestemming vert vektlagd.
- Sakshandsaming forankra i Lov om barneverntenester, som kontaktperson i undersøking, sakar om hjelpetiltak og omsorgssaker.
Kompetanse:
3 årig høgare utdanning som barnevernspedagog, sosionom eller anna relevant utdanning.
God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Sertifikat kl B.
Erfaring frå barnevernsfagleg arbeid er naudsynt..
Relevant vidareutdanning innan fagfeltet vil bli vektlagd.
Personlege eigenskapar:
Me søkjer deg som:
- Har eit fagleg engasjement med barn sitt beste i fokus
- Viser rausheit og respekt i møte med barn og familiar
- Kan meistre stress og har tryggleik til å stå i krevjande situasjonar
- Har evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og i team
- Er fleksibel, strukturert, løysingsorientert og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Har ei positiv haldning sjølv i ein hektisk kvardag
Personlege eigenskapar vil verte vektlagd i tilsetjingsprosessen.
Me tilbyr:
- Ein spennande jobb i ein kommune med heilskapleg satsing på barn/ungdom og deira familiar
- Eit høgt fagleg nivå med fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving
- Løn etter avtale
- Fleksitid
- God pensjons-/ og forsikringsordning
Anna informasjon:
Oppmøtestad vil være på Osterøy, men ein må pårekne at det vil verte fleire dagar på kontor i Vaksdal.
Dersom du tek i mot stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3md. jf. Barnevernloven.
Link til søknadsskjema: Send søknad