Leiar frisklivssentral
Org.nr.: 964967458 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Solund er eit særeige øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har eit godt utvikla tenestetilbod i kommunesenteret Hardbakke med skule, barnehage, butikksenter og gode kommunikasjonar til fastlandet. Solund er eit eldorado for friluftsaktivitetar på sjø og land, til dømes kajakkpadling og fotturar.
Solund kommune har ledig 100% fast stilling som leiar for frisklivssentral. Stillinga er nyoppretta, og du får være med å bygge opp eit nytt tilbod i Solund kommune i lag med mange andre flinke fagfolk. For at du skal trivast i stillinga må du være utviklingsorientert, positiv og god til å samarbeide med andre. Arbeidsoppgåvene er varierte og stillinga krev at du er fleksibel. Nokre av dei etablerte tilboda som rus og psykisk helse skal inngå i frisklivssentralen.
Arbeidsoppgåver
- Etablere og drifte frisklivssentralen i tråd med god folkehelse for alle innbyggjarane i Solund kommune.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på høgskule- og universetsnivå, gjerne treningsfysiolog/fysioterapeut
- God kunnskap innan folkehelsetematikk
- Kunnskap og erfaring med å rettleie deltakarar både individuelt og i gruppe
- Ha god kompetanse og forståing for livstilsjukdommar, kosthald og levevaner
- Lage både gruppe- og individuelle treningsopplegg
- Ha kunnskap og erfaring med å tilrettelegge tilbod innan rus og psykisk helse
Personlege eigenskapar
- Du er motivert til å etablere og leie frisklivssentral i Solund kommune
- Du har gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg, er kreativ og løysingsorientert
- Du er målretta, strukturert og har god gjennomføringsevne
- Du kan arbeide sjølvstendig og ha erfaring frå tverrfagleg teamarbeid
Vi tilbyr
- Ei spanande stilling i eit utviklingsorientert og kompetent fagmiljø. Arbeidet vil vere å leie og utvikle frisklivssentralen, drive gruppeaktivtetar og kurs.
- Opprette og vedlikehalde samarbeid med frivillige og private aktørar med fleire
- Kommunal tilsetjing med løn etter gjeldande tariff
- God pensjonsordning i KLP
Offentleg søkjarliste:
Vi gjer merksam på at søkjarliste er offentleg informasjon. Du kan be om at namnet vert unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. § 25 i offentleglova. Om kommunen ikkje kan innvilge søknaden, vil du bli varsla før søkjarlista vert ferdigstilt.
Solund kommune har vurdert marknadsføring av stilling, og ynskjer berre kontakt med søkjarar. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Åse Iren Korneliussen, Tlf: +47 57786223, Mobil +47 90924284, Epost: Ase-Iren.Korneliussen@solund.kommune.no
Om bedriften
Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen.
Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. På nybygde Solund Idrettspark finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, discgolfbane og klatreanlegg. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen.
I Solund investerer vi for framtida. I løpet av dei neste åra skal vi bygge ny ungdomsskule og nyttt idrettshus, binde saman kommunen ved å realisere Ytre Steinsund bru og fortsette utbygginga av breiband.
Klikk på lenken for å sjå ei film om det flotte øyriket vårt: http://www.youtube.com/watch?v=E3RbqQhfrQQ