Pedagogstillingar årsvikariat skuleåret 20/21 ved Hafslo barne-og u.skule
Me har ledige inntil 490 % vikariat som pedagog.
Me treng fagkompetanse innan kunst- og handverk og musikk på 1.-7. trinn og fagkompetanse innan idrettsfag, norsk, matematikk og engelsk på 5.-10. trinn. Har du andre fag vil me òg gjerne at du søkjer.
Om bedriften
Hafslo barne- og ungdomsskule ligg sentralt i Hafslo sentrum, nede ved Hafslovatnet. Skulen er ein 1-10 skule, og har i dag 216 elevar og 50 tilsette. I SFO er det 37 born. Skulen vår er ein lærande organisasjon og me er øvingsskule for HVL. Hausten 2020 er me og lærarutdanningsskule for HVL.
Skulen sin visjon er at me står saman for ein trygg oppvekst i eit aktivt og inkluderande læringsmiljø. Me jobbar etter PALS-modellen der stikkorda ansvar, omsorg og respekt er viktige verdiar: http://www.luster.kommune.no/framside.257264.nn.html