Maskinsjef MF Aurland i rute på Sognefjorden
Org. nr: - Stillingsident: 4334693895 Presentasjon av stillingen:
The Fjords har ledig sesongstilling som maskinsjef, med moglegheit for fast tilsetting, i turistrute på Sognefjorden om bord på MF Aurland.
Ein moglegheit som ikkje berre gjer deg ein interessant jobb, men også fantastiske naturopplevingar og spennande møte med mennesker.
MF Aurland er ei klassisk norsk fjordferge som seilar i turistrute mellom Kaupanger- Gudvangen frå mai til september. Med MF Aurland seilar du gjennom Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden og Sognefjorden. Dette landskapet er noko av det vakraste Norge har å sjå!
Tidsrom: The Fjords ønsker tilsetting i løpet av april, rutestart er 1. mai 2021.
Vi rekrutterar fortløpande og alle søknader blir behandla etter "førstemann til mølla"-prinsippet.
Arbeidsoppgåver
- I henhald til gjeldande stillingsinstruks for maskinsjef
Du vil gå som einemaskinist, og vil ha kontroll med alle tekniske system om bord
Du vil få ansvar for oppfølging og vedlikehald i samråd med AMOS Vedlikehaldssystem og EQS Tryggleiksstyringssystem
Du vert ein viktig del av eit positivt og dynamisk team og er ikkje redd for å hjelpe til på tvers av stillingane ombord
Kvalifikasjonar
- Maskinoffisersertifikat klasse 3 eller høgare
- Gyldige, sertifikatgjevande STCW-kurs
- Passasjer- og krisehandteringskurs
- Gyldig helseerklæring
- Det er ein fordel om du har erfaring med Wichmann maskineri
- Nordisk språk skriftleg og muntleg er eit krav
- Det er ein fordel å beherske engelsk muntleg
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide tett med andre menneske over tid
- Inkluderande og lojal
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Serviceinnstilt
- Fleksibel
- Sjølv om du er teknisk sjef, har du også glede av å vere ein del av vertskapet om bord. Du likar å gje dei reisande gode opplevingar.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Skiftordning 2 veker på, 2 veker av
- Gratis innkvartering i vaktperiodane
- Flotte opplevingar i verdsarvområdet
Kontaktinformasjon
Sigrunn Hellebust, Operativ leiar, sigrunn.hellebust@fjord1.no
Arbeidsstad
6854 Kaupanger
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:The Fjords
Referansenr.:4334693895
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 05.04.2021
Om bedriften
The Fjords er eit moderne og innovativt rederi som fraktar turistar på dei norske verdsarvfjordane både med bilførande turistferger og passasjerkatamaranar.
The Fjords DA er eigd av Fjord1 og Flåm AS. Fjord1 er det største fergerederiet i Norge og er leiande innan elektrifiseringa av fergebransjen. Flåm AS er eit dotterselskap av Aurland Ressursutvikling AS som på 15 år har utvikla eit reisemål i verdsklasse i Flåm og omegn.
The Fjords opererar for tida turistruter på Nærøyfjorden, Sognefjorden, Geirangerfjorden, Sørfjorden og Lysefjorden. The Fjords er i ei satsingsfase og nye operasjonsområder er under planlegging.
The Fjords har fått stor merksemd både internasjonalt og nasjonalt på bakgrunn av dei unike fartøya, Vision of The Fjords, Future of The Fjords og Legacy of The Fjords. Fartøya er spesialbygde for sightseeing på norske fjordar, og designet er inspirert av fjellstiar langs fjorden.