Fagarbeidar / Assistent ved Os barneskule
Ved Os barneskule er det ledig vikariat som fagarbeidar / assistent i deltidsstillingar for snarleg tiltreding.
Os barneskule ligg i sentrum av Os. Skuleåret 2018/19 vil vi vere omlag 349 elevar og 45 tilsette. Tryggleik og trivsel er
føresetnader for læring. Vi møter derfor kvart barn med respekt og omsorg, og er gode rollemodellar for dei. Vi er rause
med ros og oppmuntring. Saman med foreldra lagar vi gode rammer rundt borna. Visjonen vår er "Livsglede og
lærelyst". Les gjerne meir om skulen på nettsida vår: www.osbarn.gs.hl.no.
Arbeidsstad
Os Barneskule
Arbeidsoppgåver
Arbeid med barn i SFO og skule. Fagarbeidaren har ei viktig rolle i arbeidet med å skape trygge og gode rammer for
læring og utvikling for elevane, både i skule- og SFO-tida.
Kvalifikasjonar
Fagbrev i barne- og ungdomsarbeiderfaget, eller annan relevant utdanning.
Lang og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell kompetanse. Vi ønskjer ein strukturert
og tydeleg medarbeidar med gode evner til å kommunisere, og som er glad i å jobbe med barn. I tillegg til formell
kompetanse, legg vi stor vekt på personlege eigenskaper. Engasjement, fleksibilitet, samarbeid, og vilje til endring og
utvikling er viktig for oss.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.
Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med Personalavdelinga.
Om bedriften
Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kulturopplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.