Terapeut med høgskuleutdanning
Org. nr: - Stillingsident: 4203306195 Presentasjon av stillingen:
Distriktspsykiatrisk senter (DPS) Sunnfjord og Ytre Sogn har ledig 100% fast stilling som terapeut (Sjukepleiar/vernepleiar/sosionom) frå 17.08.2020 .
Psykiatrisk klinikk har og sentralsjukehusoppgåver med akuttpost med ØH plikt, tverrfagleg spesialisert ruseing og vaksenhabiltering. Avdelinga har omlag 185 årsverk.
Nytt bygg for Sunnfjord og Ytre Sogn distriktpsykiatriske senter, Akutt døgn og Vaksenhabilitering skal etter planen vere klar til bruk mars 2021. Bygget vil vere samlokalisert med BUP på Sentralsjukehuset i Førde.
Vi er 30 tilsette; psykologspesialist, psykolog, psykiater, lege i spesialisering, psykiatrisk sjukepleiar, sosionom, jobbspesialistar og vernepleiar. Seksjonen har poliklinikkar i Førde og Florø og er samansett av tre allmennpsykiatriske team og eit psykoseteam. Vi har og ein del ambulant verksemd.
Arbeidsoppgåver
- Sjølvstendig klinisk arbeid
- Tverrfagleg arbeid
- Konsultasjonar
- Rettleiing
- Undervisning/rådgjeving
- Noko reiseverksemd må påreknast i samband med utadretta verksemd med 1.linjetenesta og andre.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter personar som har minimum 3 årig utdanning frå høgskule innan helse/sosialfag og minst 1 år vidareutdanning innan rus/psykisk helsevern
- Det er eit krav om min. 2 års erfaring frå arbeid med rus/psykisk helse etter endt høgskuleutdanning
- Det er ynskjeleg med fordjupning innan ei psykoteapeutisk behandlingsform
- Søkjar må ha førarkort kl. B
Utdanningsretning
- Sosionom
- Vernepleie
- Sjukepleie videreutdanning
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
- Vidareutdanning / Tilleggsutdanning utover oppnådd grad
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Rettleiing
- IA bedrift
Kontaktinformasjon
Tor Christopher Fink, Seksjonsleiar DPS Dag, (+47) 995 45 570
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Førde
Referansenr.:4203306195
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 17.08.2020
Søknadsfrist: 26.04.2020
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.