Tannhelsesekretær
Org. nr: 974556839 Stillingsident: 4301143572 Presentasjon av stillingen:
Vestland tannhelseteneste - Område Sør-Aust har ledig 50% fast stilling som tannhelsesekretær frå 01.01.2021. Tenestestad er for tida Odda tannklinikk.
Kvalifikasjonar
Søkjar må ha autorisasjon som tannhelsesekretær.
Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg. Relevant informasjon for søknaden må være oversett til norsk. Den som vert tilsett i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar.
Vi tilbyr
Vi tilbyr løn i samsvar med gjeldande tariffavtale. Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 mnd.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova §25, 2 ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Om du har bedt om unntak, vil du bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Margareth Simonsen Råen, områdeleiar, 99021332
Arbeidsstad
Kremarveien 8
5750 Odda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4301143572
Stillingsprosent: 50%
Fast
Om bedriften
Tannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under tjue år. Vi behandlar og personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved Tannhelsetenesta kompetansesenter -- TkVestland, tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland. Tilsette i tannhelsetenesta i Vestland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).