Helsefagarbeider
Org. nr: - Stillingsident: 4265503388 Presentasjon av stillingen:
Avdeling for bu-og habilitering er inndelt i 5 seksjonar. I seksjon Blåbærhaugen treng vi inspirerte, positive og glade medarbeidarar som vil arbeide med barn og unge. I seksjonen får ein arbeide tverrfagleg og sjølvstendig med mange spanande utfordringar saman med flinke medarbeidarar. Arbeidsplassen tilbyr god støtte, opplæring og rettleiing slik at medarbeidarane skal vere trygge og kompetente til å yte tenester av høg kvalitet. Arbeidsdagane er varierte og vi har ein arbeidsplass med takhøgde og godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
Målretta miljøarbeid
Tilrettelegge og utføre aktivitetar både ute og inne.
Vere primærkontakt.
Medverke og arbeide etter gode tiltaktsplanar for brukarane og følge opp desse. Samarbeide med kollega, pårørande og andre samarbeidpartar
Bidra til godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer primært personar med helsefagleg kompetanse, men andre med fagbrev innan helse og/eller sosialfag har og høve til å søkje.
Kunnskap og erfaring med autisme
Personlege eigenskapar vert vektlagde
Du må ha førarkort klasse B
Ha gode munnlege og skriftleg framstillingsevne
Grunnleggjande ikt kunnskap
Oppgi referanse.
Personlege eigenskapar
Ha evne til å kunne stå i krevjande situasjonar og å setje tydelege grenser.
Du trivs godt med å arbeide saman med andre
Du er opptatt av å skape resultat og å nå dei mål som vert bestemt
Du har evne til å planlegge og å organisere eiga tid
Du kommuniserer godt med ulike menneske
Du tek initiativ og ser etter nye mogelegheiter
Du tek ansvar for eiga utvikling og nyttar eigne erfaringar.
Du kan motivere og inspirere
Du er ein god rollemodell for alle
Du er merksam på andre menneske sine behov og kjensler
Du har evne til å reflektere over etiske utfordringar
Du har evne til å kunne stå i ulike utfordringar som arbeidet krev.
Vi tilbyr
Løn etter kommuen sine satsar
Gode forsikring og pensjonsordningar
Eit fagleg arbeidsmiljø og gode utviklingsmogelegheiter
Meiningsfulle arbeidsoppgåver
Godt arbeidsmiljø
Varierte arbeidsoppgåver
Kontaktinformasjon
ingu
Arbeidsstad
Sevrinhaugen 4
6100 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Volda kommune
Referansenr.:4265503388
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2020
Om bedriften
I folketal er Volda kommune den nest største på søre Sunnmøre, og den sjette største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper mangar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.
I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har av eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.
I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!