Miljøterapeut - 26,06 % helgestilling
Org.nr.:920290922 Stillingsident: Heildøgnbemanna Presentasjon av stillingen :
Vil du arbeida saman med oss og vera med på å vidareutvikle tenester til mennesker med psykiske helse- og/eller rusproblem? Har du engasjement for fagfeltet og deler raust omsorg, kunnskap og erfaring med andre? Då ynskjer vi akkurat deg til å arbeide saman med oss.
Kort om stillinga
Vi har 1 ledig helgestilling i 26,06% som miljøterapeut i langvakt med arbeid kvar 3. helg.
Stillinga er ei mellombels tilsetjing i inntil 1 år i fyste omgong ut frå behov.
Stillinga er for tida knytt til Krossleitet omsorgsbustad pluss på Lindås der vi gjev tilbod til sju personar.
Vi søkjer etter miljøterapeut med helse og sosialfagleg kompetanse, gjerne med relevant vidareutdanning. Tiltreding snarast råd.
Om Heildøgnbemanna tilbod
Avdeling heildøgnbemanna butilbod er ei eiga avdeling med tre omsorgsbustader pluss for mennesker med psykiske lidingar og ROP-lidingar. Avdelinga består også av ein institusjon for menneske med langvarige psykiske lidingar. Avdelinga har som mål å skape gode og trygge butilhøve, stabilitet og tilpassa tenester for den enkelte. Målet er å hjelpe enkeltmenneska til å leve eit sjølvstendig og godt liv i eigen leilegheit, med tilpassa oppfølging.
Brukarmedverknad, meistring og recoverybaserte metoder er viktige rettesnorer i det miljøterapeutiske arbeidet.
Avdelinga har to bustader lokalisert på Lindås, ein i Knarvik og ein institusjon på Manger.
Arbeidsoppgåver
Miljøterapi og individuell oppfølging av brukarar i eige bumiljø. Leggje til rette for aktivitet og ADL-trening.
Relasjonsarbeid med fokus på meistring av eigen kvardag.
Delta i kvalitetsutvikling av tenesta, og bidra til at målsettingar vert nådd.
Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar for å skape eit heilskapleg tenestetilbod.
Kompetanse
- Offentleg godkjend sjukepleiar eller vernepleiar. Anna relevant høgskuleutdanning med arbeidserfaring frå psykisk helse /rus eller særleg personleg eignadom vil også verte vruderte.
- Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid eller psykisk helsearbeid og rus er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
- Sertifikat kl. B.
Du har engasjement og interesse for fagfeltet psykisk helse og rus. Du har gjerne arbeidserfaring frå feltet og er trygg i møte med andre. Du tek ansvar og kan ta sjølvstendige avgjersler. Du er initiativrik, fleksibel og trives i arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse. Ved tilsetjing blir det lagt avgjerande vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Eit sjølvstendig arbeid i eit fagleg engasjerande og godt arbeidsmiljø
- Fagutvikling
- Rettleiing
- Tilsetjing i hht. gjeldande avtaleverk
- Pensjonsordning i KLP
Politiattest
I tråd med helsepersonellova vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Marita Årseth, Mobil +47 47459711, Epost: marita.aarseth@alver.kommune.no
Om bedriften
Psykisk helse- og rustenesta i Alver kommune gir tenester til menneske med psykiske helse- og/eller rusproblem. Tenestene vert gitt som individuell oppfølging, gruppetilbod, oppfølging i bustad, heildøgnsbemanna butilbod og ulike arbeids- og aktivitetstilbod. Inn under psykisk helse- og rus tenesta finn ein også kommunepsykolog.