Økonomileiar
Utsett søknadsfrist til 06.07.2022!
Me har ledig ei spennande og utfordrande leiarstilling i Valle kommune – er dette noko for deg?
Valle kommune er ein kraftkommune med i underkant av 1200 innbyggjarar, i hjarta av Setesdal, berre to timars biltur frå Kristiansand og Stavanger. Den særmerkte kulturen vår er på UNESCO si verdsarvliste, og tilreisande frå inn- og utland nyttar den spektakulære naturen vår til aktivitet og rekreasjon.
No treng vi ein dyktig og framtidsretta person med på laget! Leiar for økonomi har det administrative ansvaret for m.a. kommunen sitt budsjett, innkjøp, rekneskap og økonomiarbeid. Stillinga rapporterer til kommunedirektøren og er ein del av kommunedirektøren si leiargruppe. Leiar økonomi har personalansvaret for tilsette i eininga økonomi. Velkomen til oss!
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for kommunen sitt budsjett, rekneskap, innkjøp, økonomirapportering, finansforvaltning, kraftsaker, eigarstyring og internkontroll
- Personalleiing for eininga Økonomi
- Vere kommunedirektøren sin rådgjevar og støttespelar innanfor økonomiske og finansielle problemstillingar
- Bidra til å modernisere og forenkle arbeidsprosessar og å ta i bruk nye digitale verktøy
- Bidra til ein positiv kultur og stimulere til eit produktivt og godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning innan økonomiske fag frå universitet/ høgskule
- Kjennskap og fagleg bakgrunn til å forstå komplekse problemstillingar i kommunen sin økonomi
- Analytiske eigenskapar og innsikt i kva som er drivarar for inntekter og utgifter i ein kommune, kva som er viktig i den samanhengen og at du kan kommunisere godt omkring desse
- Leiarerfaring er ynskjeleg
- Digital kompetanse og kjennskap til kvalitetsarbeid
Personlege eigenskapar
- Evne til målretta, strategisk og strukturert arbeid, både sjølvstendig og i team
- Høg arbeidskapasitet og greie å levere god kvalitet i pressa situasjonar med til tider korte tidsfristar
- Du fungerer bra i samspel med leiarar, medarbeidarar og tillitsvalde. Du bygger tillit og bidreg til løysingar og alternativ.
- Du kommuniserer godt både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Ei nøkkelrolle i kommuneadministrasjonen og del av kommunedirektøren si leiargruppe
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver med fleksibel arbeidstid i eit godt arbeidsmiljø
- Kollegaer med fagleg breidde, godt humør og som har lyst til å gjere ein skilnad
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
- God pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP
- Løn etter avtale
- Bedriftsleilegheit sentralt i Kristiansand
- Gode kultur- og fritidstilbod for ulike interesser og aldersgrupper
Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal pregas av mangfald. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
Kontaktinformasjon
Vidar Homme, Kommunedirektør, 90018240, vidar.homme@valle.kommune.noAnn Christin Jacob, Leiar HR og eining Velkomstsenter, 99648040, ann.christin.jacob@valle.kommune.no
Arbeidssted
Kjellebergsvegen 14747 Valle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Valle kommuneReferansenr.:4526362792
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.07.2022
Om bedriften
Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.
Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/