Geriatrisk sjukepleiar og sjukepleiar - stillingar med langvakter - Omsorgstenester
Org. nr: - Stillingsident: 4094526520 Presentasjon av stillinga:
Haram kommune har 2 stk 100%-stillingar på Haram Omsorgssenter i Brattvåg. Vi søker etter 1 geriatrisk sjukepleiar og ein sjukepleiar. Stillingane består av langvakter på 12,5 t, og har arbeid i turnus (gjennomsnitt 35,5 t/veke) og arbeid 4. kvar helg. Langvaktene har ilagt betalt matpause på 30 min og 1 t betalt kviletid. Dette er eit prøveprosjekt som går til 25.11.19. Om prosjektet ikkje blir forlenga vil stillingane blir gjort om til ordinær turnus. Så langt har vi gode erfaringar med denne turnusen.
Arbeidsoppgåver
- Følge arbeidsinstruks for sjukepleiar/spesialsjukepleiar.
- Sjølvstendig ansvar for at fagleg arbeid og tiltak vert utført i overensstemmelse med vedtekne mål og retningslinjer
- Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling
- Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar
- Bidra til godt samarbeid mellom brukarar og pårørande
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø både kollegialt og fagleg
- Bidra til eit godt omdømme
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar.
- Vidareutdanning i geriatri er ynskjeleg på eine stillinga. Personleg egnethet vil bli vektlagt på begge stillingane.
- Gode norskferdigheter munnleg og skriftleg.
- Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
Utdanningsretning
- Medisin/Helse/Sosialfag
Utdanningsnivå
- Høyskole/Universitet, Diplom/Bachelorgrad
Personlege Eigenskapar
- I Haram kommune ynskjer vi tilsette som er samfunnsengasjerte og innovative, og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Språk
- Norsk
Vi tilbyr
- Tverrfagleg samarbeid
- Spanande fagmiljø med mange ulike arbeidsoppgåver innanfor rehabiltering, korttidspasientar, demens og langtidspasientar
- Fokus på velferdsteknologi og alternative måtar å jobbe på
- Vakter på turnus som har reint sjukepleiefagleg fokus (legevisitt, medisinrom, ansvarsvakter utanom pleie)
- Forhandlingsturnus
- Løn etter tariff
Kontaktinformasjon
Ingrid Beate Mathisen, Avdelingsleiar, (+47) 70206629
Linn Borgund, Avdelingsleiar, (+47) 70206630
Arbeidsstad
Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Haram kommune, Omsorgstenester
Ref. nr.:4094526520
Stillingsbrøk: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2019
Tal på stillingar: 2
Søknadsfrist: 07.07.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4094526520&company_id=3191460100&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]