Logoped 100 % fast
Stillingsannonsen er inaktiv.Fysikalsk medisin og rehabilitering seksjon Stord, Helse Fonna HF
Tysevegen 64, 5416 Stord
Org. nr: - Stillingsident: 4430591298 Presentasjon av stillingen:
Me har ledig 100 % fast logopedstilling frå 22.11.2021. Seksjon fysikalsk medisin og rehabilitering består av ein spesialisert rehabiliteringsdøgnpost, fysikalskmedisinsk- og rehabiliteringspoliklinikk, samt terapeutavdeling som gir tenester til pasientar ved døgnavdelingane ved Stord sjukehus. Logopeden arbeider både sjølvstendig og i tverrfagleg team med ergoterapeut, fysioterapeut, helsefagarbeidar, legespesialist, nevropsykolog og sjukepleiar. Dei fleste pasienter som blir tilvist logoped høyrer til slagposten og rehabiliteringsavdelinga, men det kan også komma tilvisingar til logopedi frå andre medisinske og kirurgiske avdelingar.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging/ vurdering akutt hjerneslag
- Kartlegging og behandling svelgfunksjon
- Logopedibehandling for pasientar ved spesialisert rehabiliteringsavdeling
- Samhandling i tverrfagleg team ved slagpost og rehabiliteringsavdelinga
- Rettleiing til interne og eksterne samarbeidspartar
- Oppfølging av hjerneslagpasientar ved slagpoliklinikk
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som logoped
- Kunna norsk munnleg og skriftleg. For søkjarar med anna morsmål må ein ha aktuell norsk språktest; Bergenstesten.
- Det er ein fordel med klinisk erfaring frå sjukehus/ spesialisthelsetenesta.
- Det er ein fordel om søkjar har relevant vidareutdanning eller klinisk erfaring med hjerneslag, nevrologi og rehabilitering
Personlege eigenskapar
- Engasjert og motivert til å gjera ein god jobb til beste for pasient og arbeidsmiljø
- Gode kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter
- Tar initiativ, og kan arbeida sjølvstendig og i team
- Evne til å tileigna deg prosedyrar og rutinar raskt og effektivt
- Held deg oppdatert på faglege retningslinjer og er opptatt av kunnskapsbasert praksis
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og arbeidsforsikringar
- Arbeid ilag med dyktige medarbeidarar
- Godt arbeidsmiljø
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Marianne Hollund Espeland, Avdelingsleiar, 4795234329
Arbeidsstad
Tysevegen 64
5416 STORD
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4430591298
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 22.11.2021
Søknadsfrist: 28.09.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Fysikalsk medisin og rehabilitering seksjon Stord, Helse Fonna HF
Adresse
Tysevegen 64, 5416 Stord
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
22. november 2021
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 22. september 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4430591298_Fysikalsk medisin og rehabilitering seksjon Stord, Helse Fonna HF_webcruiter
Stillingsnummer: 6e7d38b5-0480-4f2b-8d04-7c874cd9f7a8