Undervisningsstillinger på Samnanger ungdomskule - fast/vikariat
Stillingsannonsen er inaktiv.Samnanger kommune
Samnanger
Samnanger kommune ligg mellom Bergen og Hardanger, er nynorskkommune, og har om lag 2500 innbyggjarar. Kommunen har ca. 265 tilsette, fordelt på 180 årsverk Samnanger har ein barneskule og ein ungdomsskule, to kommunale barnehagar og ein privat barnehage.
Skulane i Samnanger er kvalitets- og utviklingsorienterte skular. Me arbeider systematisk med å fremja elevane sitt læringsutbyte gjennom faglege og helsefremjande tiltak. Skulens visjon: <<Ein god stad å vera, ein god stad å læra.>> Skulane scorar jamt over svært godt på nasjonale måleindikatorar.
Samnanger ungdomsskule (SUS) har om lag 80 elevar og 20 tilsette. Pågrunn av fleire klassar og noko studiepermisjon treng me hausten 2019 faste tilsette og vikarer i fagene norsk, engelsk, matematikk, naturfag, programmering, kunst og handverk og gjerne spes.ped.
Arbeidsoppgåver
- Samnanger ungdomsskule (SUS):
- Undervisning i faga: Norsk, engelsk, matematikk, naturfag, programmering, kunst og handverk og gjerne spes.ped.
Kvalifikasjonar
- Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet ut frå kompetansekrava.
- Det er ønskeleg med 60 stp i eitt eller fleire av disse faga norsk, engelsk og matematikk og i øvrige fag 30.
- Politiattest,jfr. Opplæringsl.§ 10-9 (Den skal ikkje leggjast ved søknaden.)
Utdanningsnivå
- Høgskule / Universitet
Personlege eigenskapar
- God relasjonskompetanse, tydeleg og omsorgsfull leiing.
- Evne til å arbeida systematisk og nøyaktig.
- Høg arbeidskapasitet og evne til å ta ansvar.
- Serviceinnstilling og gode samarbeidsevner.
- Søkjarane vil verta vurderte i høve personlege eigenskapar og kva skulen treng.
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø og ein utviklingsorientert organisasjon.
- Løns- og tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.
- Søkjarlister til stillingar i kommunen er offentlege, jf. § 25 i offentleglova. Me gjer merksam på opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. I slike tilfelle vil søkjaren verta varsla på førehand, slik at han/ho har moglegheit til å trekkja søknaden.
Kontaktinformasjon
Bodil H.Øpstebø, Rektor, 56749961/48890730, boe@samnanger.kommune.no
Arbeidsstad
Tyssevegen 217
5650 Tysse
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Samnanger kommune
Referansenummer:4046729349
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 05.04.2019
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Samnanger kommune
Adresse
Tyssevegen 108, 5650 Tysse
*Samnanger kommune ligg mellom Bergen og Hardanger, er nynorskkommune, og har om lag 2 500 innbyggjarar. Reisetida til Bergen sentrum er ca. 45 minutt. Kommunen har ca. 280 tilsette, fordelt på 188 årsverk. Samnanger har ein barneskule og ein ungdomsskule, to kommunale barnehagar og ein privat barnehage. *
Om stillingen
Stillingstittel
Allmennlærer (grunnskolen)
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 6. april 2019
Hentet fra: Overført fra arbeidsgiver
Referanse: 10012794
Stillingsnummer: 6e649583-166b-4146-8f68-57ee1d93e0c3