ADMINISTRATIV MEDARBEIDAR 90 %
Stillingsannonsen er inaktiv.Kvam ungdomsskule
Holmatunvegen 12, 5610 Øystese
Org. nr: - Stillingsident: 4161482773 Presentasjon av stillingen:
Likar du å arbeida i eit aktivt og dynamisk miljø med ungdomar, lærarar, fagarbeidarar,
miljøterapeut, leiing og foreldre tett på arbeidsoppgåvene? Då kan dette
vera ein jobb for deg.
Kvam ungdomsskule er ein ungdomsskule med 280 elevar på 8.-10.trinn. Skulen har rektor
og tre avdelingsleiarar - ein på kvart trinn. Dei tilsette melder om
triveleg miljø og høgt arbeidstempo, faglege engasjerte tilsette og kjekke
elevar. Stillinga som administrativ medarbeidar er nyoppretta og med auke i administrasjonsmengd, oppgåver innan digitale løysingar og saksbehandlarprogram, vil den administrative
medarbeidaren få ein sentral plass på skulen.
Arbeidsoppgåver
- Faste og fortløpande administrative oppgåver ved skulen
- Saksbehandling i websak (inngåande/utgåande post)
- Merkantile oppgåver innan m.a. Innkjøp, skuleskyss, karakterutskrifter
- Registrering i ulike fagsystem og ansvar for skulen sitt arkiv
- Vikarinnhenting
- Ta initiativ til og utvikla rutinar/skjema m.m.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgskuleutdanning eller anna relevant utdanning, td. fagbrev innan kontor/administrasjon
- Relevant praksis/erfaring innan kontor/administrasjon kan erstatta formalkompetanse
- Svært gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg, nynorsk og bokmål
- Søkjar må ha god kunnskap innan IKT, har interesse for og lett kunne tilegna seg ny digital kompetanse
- I tillegg vil me leggja vekt på kunnskap om servicetenester for ulike brukarar av skulen
Personlege eigenskapar
Me ønskjer oss ein lagspelar med godt humør og som:
- er systematisk og har stor arbeidskapasitet
- tek ansvar og jobbar sjølvstendig
- trivast med ein hektisk skulekvardag med tilsette, ungdomar, føresette og samarbeidspartnarar
- har evne til å jobba dynamisk og vera fleksibel med tanke på at kvardagane på skulen er ulike
- er løysingsorientert og initiativrik
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø ved Kvam ungdomsskule
- Høve til å delta i administrativ utvikling av skulen sine system
- Løn etter tariff
- Offentlege pensjons- og forsikringsordringar
Kontaktinformasjon
Inga Lill Jensen Tolo, Rektor Kvam ungdomsskule, 951 19 865
Arbeidsstad
Holmatunvegen 12
5610 Øystese
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Kvam herad
Referansenr.:4161482773
Stillingsprosent: 90%
Fast
Startdato: 15.04.2020
Søknadsfrist: 16.02.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Kvam ungdomsskule
Adresse
Holmatunvegen 12, 5610 Øystese
Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger. Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular . Norheimsund er regionsenteret i kommunen og vart i 2013 tildelt <>. Her kan du oppleva <>, handlegate, strandveg og bystrand. Les meir
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
15. april 2020
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 17. februar 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4161482773_Kvam ungdomsskule_webcruiter
Stillingsnummer: 6e36f0ce-3fae-4d58-8e8d-ad66dad6b6b0