Prosjektstilling 60 % mellombels Frisklivssentralen
Omtale av stillinga
Kvinnherad kommune har motteke prosjektmidlar til 60 % stilling til arbeid med psykisk helse og rusførebyggande arbeid ut kalenderåret 2022.
Personen som får stillinga vert mellombels tilsett i Frisklivssentralen og skal arbeida tett saman med relevante samarbeidspartar. Gjennom 1-til1 aktivitet og deltaking i mindre grupper skal brukarane tryggast på seg sjølv og aktiviteten vår der målet er at dei skal bli inkludert i ordinære tilbod.
Arbeidsoppgåver
- Oppsøkjande verksemd
- Kartlegging av ynskjer og behov med omsyn tilbrukaren sine utfordringar.
- Miljø- og motivasjonsarbeid der målet er fysisk aktivitet og sosial aktivitet.
- Førebu og gjennomføra aktivitet (nkludert fysisk aktivitet) 1- til 1 og i mindre grupper.
- Hjelpa og støtta brukarane til inkludering i relevant aktivitet (dagaktivitetstilbod, frivillige lag pg orginasjonar ol.)
- Noko av arbeidet er av ein karakter som gjer at ein må vera i normal fysisk form slik som deltaking i gruppetreningsaktivitetar og liknande.
- Samtalepartner
Kvalifikasjonar
3- årig helse eller sosialfag høgskole/univerisitet. Det kan vera fleire relevante utdanningar som kan brukast som sjukepleiar, vernepleiar, idrettspedagagog og liknande.
- Det er eit føremon med kompetanse på eller erfaring frå arbeid med psykisk helse.
- Det er eit føremon med kompetanse på eller erfaring med tilrettelegging og gjennomføring av aktivitet ( inkludert tilpassa fysisk aktivitet).
- Personlege eigenskapar vil verta tillagt stor vekt.
- Sjølvstendig og tek iniativ.
- Gode mellommenneskeslege eigenskapar.
- Førarkort og disponera eigen bil.
Personlege eigenskaper
- Positiv og iniativrik med evne og vilje til å sjå ressursar og utviklingspotensiale hjå den enkelte.
- God kommunikasjon.
- Relasjonsbyggar.
Tilskotsmidlane er av avgrensa varigheit og det er krav om rask oppstart. Personar som vil kunna starta raskt i stillinga vil derfor bli prioritert.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.