Vi søkjer Brukarstyrt Personleg Assistent (BPA) i Ulstein
Vi søkjer Brukarstyrt Personleg Assistent (BPA) i Ulstein
ArbeidsgjevarTeam Ida/Helge Flacke
Stillingstittel Brukarstyrt personleg assistent
Søknadsfrist12.12.2021
Tilsetjingsform Fast/vikariat
Stillingsstorleik 60-100% + evt. ekstrajobb for skulelev/student
Vil du vere med å utgjere ein forskjell?
Eit par av vår kjære Ida sine gode hjelparar drar vidare i livet,
og vi treng nye assistentar til Ida si BPA-ordning.
Ida er ei flott, ung jente på 25 år, som treng assistanse til det meste i dagleglivet.
Ho bur sentralt i Ulsteinvik, i si eiga leilegheit ved sidan av resten av familien.
Ida jobbar med eit trenings- og stimuleringsopplegg som skal hjelpe henne å utnytte sitt potensiale og bruke evnene sine på ein best mogleg måte. Mykje av treninga går føre seg i eigen heim, men ho nyttar også andre læringsarenaer som Ulsteinbadet og Ulstein kompetansesenter.
Er du engasjert, sporty innstilt, fleksibel og lærevillig, kan dette vere noko for deg. Opplæring vil bli gitt.
Løn etter utdanning/praksis.
Nærare opplysningar får du ved å kontakte mor til Ida, Kari Ringstad (mob:91365193).
Søknad sendast til e-post: helge.flacke@gmail.com.
Krav til kompetanse
- Ingen formelle krav til utdanning. Sjå annonseteksta.
Personlige egenskaper
- Engasjert, sporty innstilt, fleksibel og lærevillig. Sjå annonseteksta.
Om bedriften
Bedrifta går også under namnet "Team Ida". Det er eit team med ca.5 tilsette i BPA-ordninga til Ida,25 år.
BPA = Brukarstyrt personleg assistent.