Barne- og ungdomsarbeidar
Org. nr: 864 967 272 Stillingsident: 4352924977 Presentasjon av stillingen:
Sveio barnehage er ein kommunal treavdelings barnehage med barn i alderen 0-6 år. Me held til i Sveio sentrum 15 km frå Haugesund og 25 km frå Leirvik på Stord.
Sveio barnehage søker no etter barne- og ungdomsarbeidar i 50 % stilling i perioden 06.04.21 - 31.07.21. Det kan bli behov for noko meir. Du må kunne inngå i barnehagens vaktplan. Barnehagen har åpent frå kl 07.00 - 16.30.
Arbeidsoppgåver
Me arbeider systematisk med inkluderande barnehageliv, språkløyper og vurdering. Hausten 2006 byrja me å arbeida med satsingsområdet vårt som er fysikk og teknikk så dette må du ha interesse for og ville arbeida med.
Kvalifikasjonar
Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget
Godkjent politiattest
Personlege eigenskapar
Me set stor pris på muntre og glødande menneske som trivs i lag med barn og vaksne. Du må vera engansjert i jobben din. Me ønskjer oss veldig gjerne ein medarbeidar med masse relevant erfaring.
Det er viktig for oss at du vil vere med på laget saman med alle oss i Sveio barnehage. At du vil gje barna varm og god omsorg, trygge grenser og sørga for utvikling med å ha eit fagleg engasjement. Du må kunne bygga gode relasjonar til barn og vaksne. Du må ha gode samarbeidsevner, som for oss betyr å laga gode team rundt barna. Me ønskjer at du er sjølvstendig, kreativ, leken og robust og kan takla å ha mange ballar i lufta på ein gong.
Vi tilbyr
Ein flott arbeidsplass
Moglegheiter for kurs og fine naturopplevingar
Lønn og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
Kontaktinformasjon
Bente Apeland, Einingsleiar Sveio barnehage, 98453055, bente.apeland@sveio.kommune.no
Arbeidsstad
Sveiogata 70
5550 Sveio
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sveio kommune
Referansenr.:4352924977
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Startdato: 06.04.2021
Sluttdato: 31.07.2021
Søknadsfrist: 05.04.2021
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.700 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.