Brannkonstabel i Kalvåg
Org. nr: 959 318 166 Stillingsident: 4197512153 Presentasjon av stillingen:
Bremanger brann og redning har ledig to deltidsstillingar som brannkonstabel ved Kalvåg stasjon. Bremanger brann og redning er organisert med fem brannstasjonar og tre depot, og har om lag 55 deltidsmannskap. Alle mannskapa i Bremanger brann og redning har plikt til å bere radio.
Arbeidsoppgåver
Deltidsbrannkonstabelen vert utkalla ved brann/ulukke etter behov. Det er krav til ca. 8 øvingar à 3 timar pr. år. Brannkonstablane ved Kalvåg stasjon er utan fast vaktordning, men har plikt til å bere radio og møte på utalarmeringar så sant dei har høve.
Krav til stillinga:
- Arbeidsstad og bustadadresse innanfor rimeleg tid frå brannstasjonen
- Må oppfylle fysiske og medisinske krav til røykdykking.
- Førarkort kl B.
- Skriftleg godkjenning frå hovudarbeidsgjevar.
- Vere villig til å gjennomføre nødvendig opplæring/kurs som brannsjefen pålegg.
- God samarbeidsevne og fleksibilitet.
- God norskkunnskap, munnleg og skriftleg.
Ynskjeleg:
- Førarkort klasse C og utrykkingsførarkort kode 160 for køyring av brannbil.
- Fyrstehjelpskompetanse.
- Bakgrunn innan beredskap, redning og tryggleik.
Aktuelle søkjarar må gjennomgå helsesjekk og fysisk test før tilsetjing.
Den som får stillingane må legge fram helse- og politiattest.
Vi tilbyr
Stillingane vert lønna etter eige lønnsregulativ og med fast årleg godtgjerdsle for bering av radio.
Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår gjeld, herunder 6 mnd. prøvetid.
Kontaktinformasjon
Robert Endestad, Leiar for brannberedskap, 90124335
Arbeidsstad
6729 Kalvåg
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Bremanger kommune
Referansenr.:4197512153
Stillingsprosent: 1%
Fast
Søknadsfrist: 22.03.2020
Om bedriften
Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med ca. 3.900 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no