Rektor
Org. nr: - Stillingsident: 4093373489 Presentasjon av stillingen:
.
2.gongs utlysing.
Fusa kommune søkjer rektor i 100% stilling, for tida ved Nore Fusa skule, frå 01.08.19. Nore Fusa skule er ein fådelt barneskule med ca 50 elevar og ca 10 vaksne. Alle skulane i kommunen starta med Vurdering for læring hausten 2018 og er med i realfagsatsinga. Skulane jobbar systematisk og i felleskap for å sikra god kvalitet på alle skulane i kommunen. Rektorane organiserer nettverk og samarbeider om innhaldet i desse. Her blir det lagt vekt på felles kompetanseheving av dei tilsette i kommunen. Nore Fusa skule sin visjon er <>.
Skulen treng ein rektor som gjennom begeistring og engasjement vil vere med på å leia skulen i utviklingsarbeid på ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring og høg kompetanse. Som skuleleiar i Fusa og Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for elevane våre. Skuleutvikling står sentralt i Fusa kommune, med særleg vekt på eit godt læringsmiljø.
Skulebygget, som var nytt i 1995, ligg ved sjøen i bygda Holmefjord og har lyse og trivelege lokale. Alle undervisningsromma ligg på eitt plan og er knytt opp mot mediateket, som er det sentrale rommet i bygget. I 2018 vart det ferdigstilt påbygg med klasserom, kontor og arbeidsrom for lærarane. Skulen ligg nær sjøen med kort veg til fjøra. Det er også fine skogsområde i nærleiken som vert nytta til undervisning og til turar.
Arbeidsoppgåver
- Forvalta skulen sin totale ressurs på ein god måte
- Sikra framoverlent undervisning og god læring
- Leia og motivera medarbeidarane til samarbeid og ha ein målretta innsats for god prestasjonsutvikling
- Leia og utvikla pedagogisk arbeid slik at me oppnår auka læringsutbytte for kvar einskild elev
- Vera med og utvikla eit leiarteam som jobbar systematisk med oppfølging av læring og utvikling hjå elevane
- Synleggjere skulen på ein positiv måte
- Sikra godt samarbeid mellom heim og skule
- Jobba godt med relasjonsarbeid og ha fokus på oppfølging av §9a
- Økonomiansvar
- Forvaltningsoppgåver
- Samarbeid med politisk og administrativt nivå
- Undervisningskompetanse
Kvalifikasjonar
-
Du har relevant høgare utdanning på høgskule-/universitetsnivå og solid skuleerfaring, gjerne rektorerfaring frå 1-10 skule. Utdanning frå utlandet skal vere NOKUT-godkjent
-
Du kan vise til god resultatutvikling
-
Du har gode kommunikasjonsferdigheitar . Søkjarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Fusa og Bjørnafjorden kommune
-
Du er kunnskapsorientert og har god innsikt i forsking på skuleutvikling
-
Du har erfaring med kvalitetsutvikling og med pedagogisk utviklingsarbeid
-
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
-
God IKT- kompetanse
-
Relevant leiarerfaring
-
Erfaring frå endringsleiing og kulturbygging
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Utdanningsretning
- Skule / barnehage
Utdanningsnivå
- Høgskule / Universitet
Personlege eigenskapar
- Du må vera ein tydeleg og synleg leiar som engasjerer, motiverer og inspirerer til felles innsats for elevane si læring og utvikling
- Du er modig og jobbar kunnskapsbasert i utviklinga av skulen
- Din leiarstil er prega av involvering, tydeleg kommunikasjon og god gjennomføringsevne
- Du må ha engasjement, evne og vilje til målretta samarbeid med elevar, tilsette, føresette og lokalmiljøet
- Du har evne til å motivera tilsette, elevar og føresette til å ta ansvar for eit godt og inkluderande lærings- og arbeidsmiljø
- Du er løysingsorientert og har ei proaktiv tilnærming til utfordrande situasjonar og problemstillingar
Vi tilbyr
- Stillingsbrøk: 100% fast stilling
- Ein spanande jobb i eit fagmiljø med høg kompetanse
- Eit hyggeleg arbeidsmiljø, eit stabilt personale og ei engasjert foreldregruppe
- Mange møtepunkt for fagleg utvikling og sosial kontakt med leiargruppa
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Leiarstøtte og mentor-ordning
- Gode moglegheiter for kompetanseutvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Janne Martha Efteland Eik, Assisterande fagsjef skule, 934 05 978
Arbeidsstad
Holsundvegen 190
5642 Holmefjord
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Fusa kommune
Referansenummer:4093373489
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 19.06.2019
Om bedriften
Fusa - midt i blinken!
Fusa kommune ligg sentralt plassert i Bjørnafjordsregionen midt i Hordaland, ein knapp times reise frå Bergen. Vi har ca 3 920 innbyggjarar, god barnehagedekning og skuletilbod som omfattar vidaregåande skule. Frå naturen si side ligg alt til rette for å leva aktive liv innanfor grøne rammer, frå sjø til snø.
Visjon og slagord for kommunen er ¿Fusa ¿ midt i blinken!¿, og vi har som mål å levera treffsikre tenester. F.o.m. 1.1.2020 slår Fusa seg saman med Os til Bjørnafjorden kommune. Fusa kommune har ca 360 tilsette. Vi satsar på arbeidsmiljøtiltaket <> og arbeider i tråd med verdisettet R-O-M-S-L-E-G med tilhøyrande etiske retningslinjer. For alle stillingar i Fusa kommune gjeld desse generelle vilkåra.