Pedagogisk leiar
Org.nr.:864 338 712 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Haus barnehage har ledig 100% fast stilling som pedagogisk leiar frå snarast.
Barnehagane i Osteerøy kommune har satsingsområde språk, tekst og kommunikasjon, bærekraftig utvikling, friluftsliv, livsmestring og helse.
Arbeidsoppgåver:
Dine arbeidsoppgåver vil mellom anna vera:
Ansvar for å planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere det pedagogiske arbeidet.
Ansvar for å initiere og oppretthalde eit godt foreldresamarbeid.
Ansvar for veiledning og bidra til kompetanseheving innad i barnehagen.
Personlege eigenskapar:
Du må syne engasjement og glede i arbeidet med borna.
Du må vere ein god relasjonsbyggar med born og vaksne.
Du må vere ein ansvarsfull person med god samarbeidsevne.
Du må kunna jobba sjølvstendig og i team.
Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne og god datakunnskap.
Å vere personleg eigna vil bli vektlagt.
Vi tilbyr:
Eit godt fagleg miljø og gode høve til utvikling.
Givande arbeid saman med dyktige medarbeidarar.
Veiledning og fagleg samarbeid.
Vi har to pedagiske leiarar på kvar avdeling.
Gode pensjons- og forsikringsvilkår.
Løn etter gjeldande tariffavtale.
Dersom du tek i mot stillinga må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Sylvi Ann Hanstvedt, Tlf: +47 56192212, Mobil +47 97520691, Epost: sylviann.hanstvedt@osteroy.kommune.no
Om bedriften
Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyene i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på ca 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen. Frå Lonevåg sentrum tek det ca. 45 min kjøretur til Bergen sentrum, ca 30 min til Åsane og ca. 20 min til Arna