Vikarstilling for møtesekretær/sakshandsamar
Søknad vert å senda elektronisk. Du finn søknadsskjema på heimesida vår under sjølvbetjening.
Merk søknaden din med arkivsaksnummer: 21/34.
Søknadsfrist er 07.02.2021
Eidfjord kommune har ledig 1 års 100% vikarstilling som møtesekretær/sakshandsamar i tenestetorget. Stillinga har hovudoppgåva som utvalssekretær for politiske utval/andre utval. Me har eigen møtemodul til dette, og opplæring vert gjeve.
Du vil også få oppgåver innan heile arbeidsfeltet til tenestetorget slik som; sentralbord, ekspedisjon, post/arkiv, røystemottakar, samt sakshandsaming av sals- og skjenkeløyve.
Du vil inngå i teamet ved kontoret og saman med andre tilsette løysa dei oppgåvene som til ei kvar tid ligg til tenesta. Oppgåvene vert fordelt mellom medarbeidarane etter kompetanse.
Me ynskjer at du :
- har utdanning innan kontor og administrasjon
- har kunnskap om, og praksis frå offentleg verksemd
- er løysningsorientert, systematisk, stabil og fleksibel i høve til arbeidsoppgåver
- har gode evner til samarbeid og sjølvstendig arbeid, samt vera med å bidra til godt arbeidsmiljø
- er oppteken av å utvikle og effektivisera tenesta
- har gode datakunnskapar/IT-forståelse, samt god muntleg og skriftleg framstillingsevne. Me har nynorsk som vårt skriftspråk
- er utadvendt, likar å ha kontakt med folk, og elles ha eit godt humør
Personlege eigenskapar vil verta vektlagt
Løn etter utdanning/kompetanse jf. tariffavtale.
Nærare opplysningar om stillinga: Leiar tenestetorg, Johanna Maria Hereid tlf. 53673532 eller 95974532.