Forretningscontroller
Framtida vår er fornybar og digital
Kloden vår ropar etter klimatiltak, og fornybar energi er ein avgjerande del av løysinga. Både produksjon av ny fornybar energi, og eit effektivt straumnett for elektrifiseringa av samfunnet, er avgjerande for å lykkast.
I SFE skal vi saman skape denne fornybare framtida.
Framtida handlar også om å nyttegjere oss av moglegheitene engasjerte mennesker, kompetanse og teknologi gir oss. Digitalisering vil vere sentralt i SFE for både å utvikle og levere framtidas produkt og tenester. i tillegg til å utvikle eigen organisasjon og prosessar.
Sentrale oppgåver fgor deg som forretningscontroller:
. Vurderingar av rekneskapsmessige, skattemessige og avgiftsmessige spørsmål i SFE-konsernet.
. Periodisk rapportering og økonomisk rådgjeving for SFE sine selskap og forretningsområder
. Delta i vårt forbetrings- og utviklingsarbeid innan rekneskaps- og økonomiområdet. Digital analyse/ rapportering og behandling av større datamengder og automatisering/digitalisering av arbeidsprosessar vil vere sentralt for dette arbeidet
Dette er deg:
. Du har høgare økonomisk utdanning på masternivå
. Du er gjerne godkjend som statsautorisert revisor
. Du har minst 3 års erfaring frå ei større bedrift eller revisjonsselskap
. Med bakgrunn i din kunnskap vil du vere ein ressurs innan rekneskapsmessige vurderingar i høve til både NGAAP og IFRS
. Du har god IT og systemkompetanse, og er gjerne nysgjerrig på ny teknologi
. Du stiller spørsmål og ser moglegheiter gjennom forbetringsarbeid og effektivisering av prosessar
. Du er fleksibel og er ein god lagspelar
Fornybarkonsernet Sogn og Fjordane Energi(SFE) produserer, distribuerer og omset fornybar energi. Vi er 240 tilsette og har vårt hovudkontor på Sandane i Nordfjord. SFE-Konsernet er organisert i form av eit mor- og eigarselskap, Sogn og Fjordane Energi som leverer fellestenester til forretningsområda, produksjonsverksemda, SFE Produksjon, som står for produksjon av fornybar energi frå vind og vatn,SFE , samt nettverksemda, Linja, som syter for distribusjonen ut til kundane våre. Straumsalet til våre privat- og bedriftskundar har vi organisert i eit eige selskap, Kraftfire saman med Tussa, Tafjord og Sognekraft.
SFE byggjer på ei 100 år lang historie som vasskraftprodusent, og har bygd seg opp som ein av dei største produsentane av fornybar energi på Vestlandet. Produksjonsverksemda omfattar drift, vedlikehald og rehabilitering av eksisterande produksjonsanlegg, kraftutbygging og utviklingsaktivitetar, og eit krafthandelsmiljø som driv fysisk og finansiell omsetting av kraftproduksjonen.
Selskapet har ein gjennomsnittleg, årleg kraftproduksjon på nær 2 TWh (middelproduksjon), som tilsvarar forbruket i rundt 100 000 heimar. Vi er operatør for 25 av 27 heil- og deleigde kraftverk i Sogn og Fjordane. I tillegg til vår eigen produksjon kjøper vi kraft frå fleire småkraftverk som vi omset i marknaden. er ein av dei kritiske infrastrukturane i eit moderne samfunn. Velstanden, tryggleiken og samfunnsutviklinga vår er heilt avhengig av ei trygg og god straumforsyning. I Sogn og Fjordane bidreg nettverksemda vår,Linja, til vekst og utvikling for næringar og samfunn - frå dei yste holmar til dei inste fjordarmar.
Straumnettet vårt har ei utstrekning på meir enn 4000 km. Rundt 120, eller nær halvparten, av SFE-konsernet sine tilsette arbeider med dette nettet. I eit krevjande terreng, med utfordrande vêrforhold, handterer dei eit regionalnett som strekkjer seg frå Sognefjorden i sør til Sunnmøre i nord, og eit lokalnett som forsyner 23 000 nettkundar i kommunane Gloppen, Eid, Vågsøy, Bremanger, Flora, Askvoll og delar av Naustdal. Link til søknadsskjema: Send søknad