Bioingeniør
Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank er den største avdelinga i Klinikk for diagnostikk med seksjonar på alle dei fire sjukehusa i foretaket.
Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank Kristiansund har ca. 22 stillingar og ca. 25 tilsette. Seksjonen er samansett av fagområda preanalyse/urin, hematologi/koagulasjon /blodgass, klinisk kjemi/immunkjemi og blodbank/transfusjonsmedisin.
Medisinsk biokjemi Kristiansund har ledig fast 100% stilling for bioingeniør frå 01.11.2022.
Vi ber om at vitnemål og attestar blir skanna og lasta opp som vedlegg til CV/søknad.
Arbeidsoppgåver
- Ta del i laboratoriet sine daglige arbeidsoppgåver i samsvar med arbeidsbeskrivelsane for dei ulike fagområda.
- Delta i laboratoriet sin vaktturnus.
- Medvirke til å oppfylle foretakets si overordna målsetting med fokus på kvalitetssikring, kvalitetsforbetring og kvalitetsutvikling.
Kvalifikasjonar
- Bioingeniør med norsk autorisasjon
- Relevant praksis
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert
- Kunne arbeide både sjølvstendig og i team
- Evne til omstilling og interesse for kompetanseheving
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Marit Sivertsen, Seksjonsleiar, 71122099, marit.sivertsen@helse-mr.noArbeidsstad
Herman Døhlens vei 16508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.:4567084544
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.10.2022
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no