Fastlegeheimel ved Husnes helsesenter ledig frå 01.05.2022
📷 Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.
Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og
handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev
naturtilhøve for friluftsliv heile året.
Fastlegeheimel ved Husnes helsesenter ledig frå 01.05.2022
Kommunen har i mange år hatt ei god og stabil legedekning.
For tida har vi 17 fastlegar i kurativ teneste, både med private avtaleheimlar og tilsett i kommunen med fastløn og %
andel av pasientinntekter.
I tillegg har kommunen ein stilling for LIS1, 3 sjukeheimslegar i totalt 210% stilling og kommuneoverlege i 100 %
stilling. Offentlege oppgåver ved helsestasjonar og i eldreomsorga ellers er fordelt slik at 6 av legane har 8 - 20 %
stilling til offentleg allmennlegeteneste.
Fastlegar i Kvinnherad nyttar Infodoc Plenario i SKY journalsystem, er knytt til Norsk Helsenett og har elektronisk
meldingsutveksling med pleie- og omsorgstenesta.
Kvinnherad er ein vidstrakt kommune. Legane er fordelt på fire legekontor. Det er eit godt fagleg og kollegialt fellesskap
i legegruppa, god vegleiing og bakvaktordning i forhold til legevakt, godt samarbeid og samtrening med lokal
ambulanseteneste.
Kommunen har etablert ein Frisklivsentralen og har tilsett folkehelsekoordinator.
Omtale av stillinga
Ledig fastlegeheimel ved Husnes helsesenter
Ved Husnes helsesenter arbeider i dag sju fastlegar i eit kontorfellesskap med til saman eit listetak på 6400,
innbyggjartal i området er om lag tilsvarande. Organiseringa er eit felles AS for drift og investering.
Vi søker etter engasjert lege til ledig heimel med listetak på 800 pasientar. Dersom du kan tenkja deg å prøva deg som
fastlege i Kvinnherad, oppmodar vi deg til å søkja/ta kontakt. Det er <<goodwill>> knytt til heimelen. Kvinnherad kommune
er opne for å vurdera den stillinga som fastlønna.
Stillinga inneber deltaking i legevaktordning. Vaktordninga er for tida 11-delt. Kvinnherad legevakt er bemanna med
sjukepleiar på kveldstid og helgedagar. Kvinnherad legevakt ligg vegg i vegg med ambulansestasjonen.
Det er ikkje tilplikta offentlege oppgåver til stillinga, men det kan verta aktuelt på eit seinare tidspunkt.
Alle sjølvstendig næringsdrivande fastlegar har økonomisk samarbeid og driftsavtale med kommunen. Dette inneber
m.a. at kommunen held lokale, tilset og har arbeidsgjevaransvar for hjelpepersonell i forholdstal 1 hjelpepersonell per
1200 listepasientar. Helsesenteret har eige laboratorium og bioingeniør i 90 % stilling.
Kvalifikasjonar
For stillinga søkjer vi lege som har:
· norsk autorisasjon
· fullført turnuspraksis/LiS1-praksis i allmennmedisin. Det er en fordel å være under spesialisering eller ferdig
spesialist
· gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Søkjarar som beherskar nordisk språk skriftleg og munnleg kan søkje
· gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling
Personlege eigenskapar, kjennskap til norsk helsevesen og erfaring frå primærhelsetenesta i Norge vil verta vektlagt.
Søkjar må ha førarkort for bil.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Kvinnherad kommune hjelper til med å skaffa bustad, og flytting vert betalt etter gjeldande reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).
Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje
skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta
offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje
søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §
10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Søknadsfrist 14.01.2022 Utlyst dato 25.11.2021 Vårref4182
Kontaktperson
Sindre Nymark Jensen, Fastlege, tlf: 53461600, sindre.nymark.jensen@kvinnherad.kommune.no
Glenn A. Opland, Kommuneoverlege, tlf: 97709308, mobil: 97709308, glenn.opland@kvinnherad.kommune.no
Irina Zimina, Einingsleiar, tlf: 48894055, mobil: 48894055, irina.zimina@kvinnherad.kommune.no
Om bedriften
Ved Husnes helsesenter arbeider i dag sju fastlegar i eit kontorfellesskap med til saman eit listetak på 6400.
Innbyggjartal i området er om lag tilsvarande. Organiseringa er eit felles AS for drift og investering.