Vernepleiar
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, helseservicekontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Arbeidsstad Austevoll kommune har ledig 100 % fast stilling i turnus frå 15.05.2021 med arbeidsstad f.t Miljøarbeidartenesta.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- Praktisk bistand og rettleiing til tenestemottakarane.
- Koordinatoroppgåve ovanfor nokon tenestemottakarar. Tett samarbeid med primærgrupper rundt dei einskilde.
- Ansvar for at tenestemottakarane får tenester i fagleg forsvarlege tenester etter vedtak.
- Ansvar for tiltaksplanar og dokumentasjon i fagsystemet Profil omsorg.
- Gjere faglege vurderinger og iverksette naudsynte tiltak.
- Koordinere og bidra til tverrfagleg samarbeid i ein hektisk kvardag. Dette både internt i eiga avdeling og innan andre områder.
- Samarbeid med brukere, pårørande, spesialisthelsetenesta og andre aktuelle instanser.
- Rettleie tenestemottakarar, pårørande, kollegaer, studentar, elevar og lærlingar.
- Bidra til eit positivt samarbeid med pårørande.
- Koordinere tenestetilbodet saman med dyktige kollegaer.
Kvalifikasjonar Utdanning: Vi søkjer primært ein vernepleiar. Andre med relevant helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning kan og bli vurdert. Personlege eigenskapar vert vektlagt i tilsetjinga.
Praksis: Vi set pris på om du har praksis og erfaring som kan nyttast inn mot jobben i Miljøarbeidartenesta.
Dette er det vi søkjer etter.
- Du er god til å samarbeide og inkludere kollegaer uanhengig av utdanning og erfaring
- Du har evne til å ta sjølvstendige avgjersler og arbeid, men samstundes i team med eit felles fokus og mål.
- Du har fokus på kompetanse og yt tjenester med høg kvalitet.
- Du har gode kommuniksjonseigenskapar og er ein relasjonsskapar.
- Du har gode haldingar til arbeid med menneske med nedsatte funksjonar.
- Du ser moglegheiter.
- Du liker å ta nye utfordringar og vere ein del av eit team som er i endring og utvikling.
- Det vil bli lagt vekt på fleksibilitet og personleg eignaheit i eit spanande arbeidsmiljø med kjekke og dyktige kollegaer.
- Du har godt humør, tar ansvar, viser engasjement og har lyst til å gjere ein forskjell.
Andre opplysningar:
Miljøterapeut har medansvar for at Austevoll kommune og Miljøarbeidartenesta sine visjonar vert realisert.
Miljøterapeut har medansvar for å skape eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima.
Miljøterapeut pliktar å halde seg til Austevoll kommune sitt arbeidsreglement.
Miljøterapeut skal elles utføra dei oppgåvene han/ho vert pålagt av leiar og pliktar å rette seg etter dei endringane som eventuelt vert føreteke i stillingsinstruks
Vi tilbyr:
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Linn-Beathe Suphammer, Mobil +47 98232951
Om bedriften
Austevoll er ei øygruppe og ein kommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Kommunen har eit folketal på 5.200 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 250 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!