Ferievikarar
Org.nr.:938 497 524 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Gulen kommune har behov for ferievikarar sommaren 2019 i sone Brekke, Byrknes, Dalsøyra. Søkjarane må skrive i søknaden om det er periodar dei ikkje kan jobbe i sommar/ev. andre begrensingar, samt om dei ynskjer å jobbe på spesielle avdelingar (Brekke, Byrknes eller Dalsøyra)
Søkjarane kan forvente attendemelding i midten av april.
Arbeidsoppgåver
- Pleie og omsorg i heimetenestene
Kvalifikasjonar
- Det er ynskjeleg med søkjarar som har fagbrev som helsefagarbeidar eller autorisasjon om sjukepleiar eller vernepleiar, men andre kan også søkje
- Må kommunisere godt på norsk - både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Vi ynskjer ferievikarar som er fleksible, stabile, tar initiativ og ynskjer å bidra til å gje gode tenester til brukarane
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Eva Vågheim, Tlf: +47 57781641, Mobil 47453859, Epost: eva.vagheim@gulen.kommune.no
Om bedriften
Gulen kommune ligg på sørsida av Sognefjorden, heilt ut mot havet. Innbyggjartalet er ca. 2 300. Kommunen har ca. 400 tilsette, som arbeider etter visjonen "samarbeid for utvikling"!