Lærar 1.trinn
Stillingsannonsen er inaktiv.Klepp kommune, Kleppe skule
Viervegen 10, 4352 Kleppe
Org. nr: - Stillingsident: 4436375155 Presentasjon av stillingen:
Vi har nå ledig lærarstilling i 100% frå 01.12.21 til 31.07.22 med moglegheit for fast stilling. Stillinga er på 1.trinn og vi er på jakt etter deg som vil jobbe med dei yngste elevane i grunnskulen. Kanskje er du den rette for oss?
Kleppe skule er ein barneskule sentralt i Klepp kommune med 500 elevar. Vi har eit stort, godt uteområde og har nettopp bygd på skulen med stor og flott aula og kantine.
Ved skulen har vi Språkstasjon for 1.-10.trinn, som er ein eigen avdeling for elevar som kjem nye til landet.
Vi har eit stort, flott personal med mykje kompetanse og eit godt arbeidsmiljø.
Saman arbeider vi for å skape ein skulekvardag der elevane opplever meistring og lærelyst i eit trygt og godt miljø.
Skulane i Klepp er del av Jærskulen, eit interkommunalt samarbeid om skuleutvikling saman med Hå, Time og Gjesdal.
Arbeidsoppgåver
Lærar på 1.trinn i full stilling, søkjarar som ønskjer 80-100% kan og søkje.
Undervisning i klasse og gruppe. Trinnet arbeider tett saman om utviklingsarbeidet og organisering av undervisninga.
Kvalifikasjonar
- Godkjent undervisningskompetanse for 1.-7.trinn
- Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg
- Kunne bruke IKT som eit naturleg arbeidsverktøy
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
I tråd med opplæringslova er tilfredsstillande politiattest ei forutsetning før tilsetjing
Personlege eigenskapar
- God på å skape relasjonar til barn og vaksne
- Strukturert og sjølvstendig
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Eit inkluderande elevsyn
- Positiv, fleksibel og open for nytenking
- Godt humør
Vi tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø i lag med dyktige kollegaer
Moglegheit for fast tilsetting
Løn etter gjeldande avtaleverk og pensjonsordning i Statens pensjonskasse
Klepp kommune har ulike velferdsordninger og gode pensjons- og forsikringsordninger.
Kontaktinformasjon
Sylvia Gjersdal, Rektor, 92839767, sylvia.gjersdal@klepp.kommune.no
Arbeidsstad
Viervegen 10
4352 Kleppe
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Klepp kommune
Referansenr.:4436375155
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.12.2021
Sluttdato: 31.07.2022
Søknadsfrist: 26.10.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Klepp kommune, Kleppe skule
Adresse
Viervegen 10, 4351 Kleppe
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
1. desember 2021
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 27. oktober 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4436375155_Klepp kommune, Kleppe skule_webcruiter
Stillingsnummer: 6d2e7cef-62c6-49b0-92d2-a9a552c967f6