Lærar med spes.ped. 100 % fast stilling
Org. nr: - Stillingsident: 4198239582 Presentasjon av stillingen:
Vi har ledig 100 % fast stilling for lærar med spesialpedagogisk kompetanse ved Aure skule frå 01.08.2020. Det kan verte ledige stillingar utover dette. Utlysinga tek atterhald om eventuelle interne rokeringar.
Kontaktlærarfunksjon må påreknast.
Arbeidsstad
Aure skule er ein 7-delt barneskule og ligg i sentrum av Sykkylven, like ved ungdomsskulen. Skulen har i dag omlag 145 elevar og 35 tilsette i personalgruppa.
Skulen har eiga skulefritidsordning og det er tilsett undervisningsinspektør. Skulen er også læreplass for lærlingar i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
Søknad
Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.
Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar må leggast fram ved ev. intervju eller tilsetting. Den som vert tilsett må levere politiattest av nyare dato, jf. opplæringslova § 10-9.
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer ein dyktig og engasjert lærar som ønskjer å delta i utviklinga av eit godt lærings- og utviklingsmiljø.
Kvalifikasjonar
- Grunnskule-/ allmennlærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning som kan dekke dei fleste av grunnskulen sine fag og som oppfyller krav for tilsetting og undervisning på barnetrinnet.
- Spesialpedagogisk kompetanse
- Søkjar må pårekne å undervise på småskuletrinnet.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver ved ein skule i utvikling.
- Tilsetting i tråd med gjeldande lover, avtalar og reglement
- Obligatorisk tenestepensjonsordning med gunstige lånevilkår
- Gode forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverk
Kontaktinformasjon
Ådne Brunstad, Einingsleiar, 41686783, adne.brunstad@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Aure skule
6230 Sykkylven
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Sykkylven kommune
Referansenr.:4198239582
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.03.2020
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 800 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er bygda sin visjon.