Sunndal vgs - Lærling IKT-servicefag
Stillingsannonsen er inaktiv.Møre og Romsdal fylkeskommune
Sunndal vidaregåande skole
Oppgåver og ansvar
Som lærling i IKT-servicefag vil du arbeide med å formidle gode rutiner i databruk til tilsette og elevar ved Sunndal vgs. Du må kunne arbeides sjølvstendig og i samarbeid med andre. Det er viktig at du er motivert for arbeidet og har engasjement for faget.
Som lærling hos oss ønskjer vi at du
- tar ansvar for eiga læring og tar mot rettleiing frå instruktør
- er sørvisinnstilt og har stå-på vilje
- kan vere med å gi god brukarstøtte til elevar og tilsette
Krav til kompetanse
Det er krav om fullført og bestått Vg2 IKT Servicefag
Vi tilbyr
Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtaler og reglement.
Mangfald
Møre og Romsdal fylkeskommune har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med etterspurt kompetanse er velkomen til å søkje ledig stilling hos oss.
Søknad
Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.
Søkarliste
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleg sjølv om søkar ber om anonymitet jf. Offentleglova § 25,2. Om dette blir tilfelle, vil vi ta kontakt med søkaren før offentleggjering.
Politiattest
Den som blir tilsett må levere politiattest jf. opplæringslova §10-9.
Bokmål:
Den som blir ansatt må levere politiattest jf. opplæringslova §10-9.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Adresse
Skoleveien 14, 6600 Sunndalsøra
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, vegar og kollektivtransport, tannhelsetenester, samfunns- og næringsutvikling. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.Sunndal vidaregåande skole er ein kombinert skole med bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, helse- og oppvekstfag, studiespesialisering og teknikk og industriell produksjon. 60 tilsette og 300 elevar fordelt på fem utdanningsomprogram. Ressurssenterdrift med m.a. vaksenopplæring og høgskoleutdanning er ein viktig del av skolen si verksemd. Skolen deltar aktivt i lokalsamfunnet og har eit godt samarbeid med lokalt næringsliv. Sunndal kommune har ein storslått natur med høge fjell, fjordar og fleire dalbotnar. Det er eit godt og variert kultur- og fritidstilbod i kommunen. Sunndal er ein industri- og handelskommune med Hydro sitt aluminiumsverk som største arbeidsplass.
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 10. april 2019
Hentet fra: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referanse: rekruttering.mrfylke.no/recruitment/opening?1?3838
Stillingsnummer: 6d10d600-fe7f-4860-9738-d3d2f237c20b