Barnevernskonsulent
Org. nr: - Stillingsident: 4193515199 Presentasjon av stillingen:
I Vang og Vestre Slidre kommune er det felles barnevernteneste. Vestre Slidre kommune er
vertskommune. Tenesta er organisert som ei eining med felles fagleg, økonomisk og administrativ leiar. Tenesta omfattar totalt 5,3 fagstillingar og ei kontorstilling på deltid.
Arbeidsoppgåver
Undersøkelse og kartlegging av barn sin omsorgssituasjon
- Iverksetting og oppfølging av tiltak
- Tiltaksarbeid, råd og rettleiing i familiar
- Tverrfagleg samarbeid
- Representant i fylkesnemnd og øvrig rettsapparat
- Oppfølging av fosterheimar og fosterbarn
Kvalifikasjonar
3-årig helse- og sosialfagleg utdanning, fortrinnsvis som barnevernpedagog eller sosionom, samt:
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Ha lyst på ein utfordrande jobb i eit tett samarbeid med gode arbeidskollegaer
- Praksis frå arbeid i kommunalt barnevern
- Personleg eigenskapar vil bli vektlagt
- Tilfredsstillande politiattest før tiltreding
- Den som blir tilsatt må ha førarkort og kunne disponere eigen bil mot skyssgodtgjersle
Personlege eigenskapar
- Evne til å ta initiativ, arbeide sjølvstendig og i team, vera strukturert, målretta og ha gode samarbeidsevner
- Kunne stå i pressa situasjonar og vera emosjonelt robust
Vi tilbyr
- Løns- og arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
- Ein må regne med at enkelte oppdrag kan gå ut over normal arbeidstid.
- Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø og ein stad du vil trivast.
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov.
Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnateke offentleg søkjarliste. Ønskje om å bli unnateke offentleg søkarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ønskje ikkje kan takast til følgje.
Kontaktinformasjon
Randi Stenberg, Avdelingsleiar, 97781956
Arbeidsstad
Slidrevegen 16
2966 Slidre
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestre Slidre kommune
Referansenr.:4193515199
Stillingsprosent: 50%
Engasjement
Startdato: 01.04.2020
Sluttdato: 31.12.2020
Søknadsfrist: 01.03.2020
Om bedriften
Vestre Slidre er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres. Kommunen er 464 km2 stor og har omlag 2 200 innbyggjarar. Vi har ei god skule i kommunen og vi har full barnehagedekning. Kommunen har eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett. Vestre Slidre ligg vakkert til nær Jotunheimen. Det ligg til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.