Utdanningsstillingar for operasjonssjukepleie
Org. nr: - Stillingsident: 4340173462 Presentasjon av stillingen:
Operasjonssjukepleiestillingar ved Førde sentralsjukehus - tilsetting haust 2021.
Helse Førde tilbyr løn under utdanning til sjukepleiar som ønskjer å spesialisere seg i operasjonssjukepleie. Ved gjennomført utdanning og bestått eksamen vert det garantert fast stilling som spesialsjukepleiar i Helse Førde.
Arbeidsstad vil vere ved operasjonsavdelinga, Førde sentralsjukehus.
Føresetnad for å nytte seg av tilbodet er at ein kan dokumentere studieplass for relevant utdanning ved Høgskulen på Vestlandet, avdeling Førde.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre utdanning i samsvar med studieoppsett for operasjonssjukepleieutdanning
- Dei som får utdanningsstilling må pårekne å arbeide helgar i relevant avdeling i Helse Førde under utdannninga, samt 4 veker sommaren 2022
Kvalifikasjonar
-
Må ha autorisasjon som sjukepleiar og 2 års praksis
-
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
-
Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.
-
Utdanningsretning:
- Sjukepleie vidareutdanning
-
Utdanningsnivå:
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
- Vidareutdanning / Tilleggsutdanning utover oppnådd grad
Personlege eigenskapar
- Må kunne ivareta pasienten i ei høgteknologisk avdeling
- Må kunne samarbeide i tverrfaglege og varierte team
- Ha evne til å arbeide i avdeling med høgt tempo
- Evne til å kunne ta initiativ og arbeide sjølvstendig.
Vi tilbyr
- Lønn tilsvarande 90% av full stilling etter gjeldande ansiennitet i samsvar med overeinskomst mellom Spekter og NSF, del A2, pkt.1.3.1. Lønn vert berre utbetalt i dei månadene studiesemesteret varer, dvs. ikkje i juli og august. For dei som skal jobbe 3 kvar helg kjem 20 - 25 % stilling i avdeling utanom
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fast 100% stilling som spesialsjukepleiar med atterhald om gjennomført og bestått praksis og eksamen
- Bindingstid 3 år i samsvar med storleik på godtgjering i utdanningstida
Kontaktinformasjon
Reidunn Bergheim, Seksjonsleiar Operasjonsavdeling FSS, (+47) 578 39 102
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Førde
Referansenr.:4340173462
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 16.08.2021
Sluttdato: 16.12.2022
Søknadsfrist: 01.03.2021
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.