Einingsleiar/ Rektor
ID-533 - EININGSLEIAR/ REKTOR – Larsnes oppvekstsenter – 2. gongs utlysing
Frå 1.5.2019 er det ledig 100% fast stilling som einingsleiar/rektor ved Larsnes oppvekstsenter. Skulen ligg på Larsnes, som er kommunesenteret i Sande kommune, og er ein barneskule (1.-7.) med om lag 85 elevar. Eininga har grunnskule 1.-7. og SFO (1.-4.). Der er om lag 15 tilsette. Einingsleiar har økonomi-, personal- og fagansvar for heile eininga. Der ligg ikkje undervisningsplikt til stillinga. Dato for oppstart kan vere fleksibel fram til 1.8.18.
Vi søkjer ein utviklingsorientert, kreativ, tydeleg og samlande leiar som evnar å få det beste ut av sine medarbeidarar og målrette arbeidet til beste for elevane.
Søkjaren må ha erfaring frå grunnskule, og pedagogisk utdanning, gjerne også leiarutdanning/rektorutdanning og/eller leiarerfaring. Vi legg vekt på haldningar, evne til samarbeid internt og eksternt, og det å vere motiverande, utviklingsorientert, resultatorientert og handlekraftig.
Vi kan tilby ein spennande og utfordrande jobb i eit kreativt og utviklande miljø gjennomsyra av kvalitetstenking.
Sande kommune utfordrar og løftar sine tilsette – og tek godt vare på dei!
Nærare informasjon får du ved å kontakte oppvekst- og kultursjef Øystein Johansen, tlf. 99291522.
Nærare opplysningar og elektronisk søknadsskjema finn du på www.sande-mr.kommune.no under ledig stillingar.
Løn etter avtale. Tilsetting skjer i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale. Stillinga krev politiattest av ny dato.
Søknadsfrist: 20. mars 2019
Om bedriften
Sande er ein liten kommune med vel 2600 innbyggarar heilt sør i Møre og Romsdal, med eit areal på ca. 91 kvadratkilometer. Kommunen ligg sentralt i regionen søre Sunnmøre, og har kort veg til regionsentra Ulstein og Ørsta/Volda. Kommunen grensar i nord og aust mot Herøy, i sør (over fjorden) mot Vanylven og over Vanylvsgapet i sørvest mot Selje.