Fagkoordinator
Org. nr: - Stillingsident: 4470241709 Presentasjon av stillingen:
Stillinga er hovedsakleg knytt til produksjonsavdelingane til arbeid og aktivitet i sentrum av Ålesund. Vi har som hovedfokus å skape arbeidsglede for mennesker med psykisk utviklingshemming. Vi vil være framoverlent og innovative, og skape utvikling i samarbeid med andre bedrifter, lokalmiljø, tilsette, deltakere og andre. Arbeid og aktivitet er ei lita bedrift, med eit stort hjarte. Og vil søker etter ein nytenkande fagkoordinator som vil være med på laget vårt. Avdelingsleiar i sentrum vil ha delegeringsmynde i høve aktuelle arbeidsoppgåver.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og tilrettelegge arbeidsretta aktivitetar for deltakarar ilag med tilsette.
- Vere aktiv med å skaffe nye arbeidsoppgåver til produksjon - utadretta arbeid mot aktuelle samarbeidsbedrifter.
- Fagansvar for planarbeid.
- Oppfølging og veiledning av tilsette som følger deltakarar.
- Dagleg delegerte driftsoppgåver.
- Markedsarbeid kring salg og promotering av varer.
- Legge til rette for samarbeid på tvers av produksjonsavdelingane i heile verksemda.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som vernepleiar eller annan treårig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag.
- Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg.
- Meistre bruk av SOME plattformer.
- Førarkort klasse B.
- Erfaring i frå arbeid rundt menneske med psykisk utviklingshemming.
Personlege eigenskapar
- Du er framoverlent og innovativ.
- Du viser initiativ og er kreativ.
- Du er ein omsorgsperson som har godt samarbeid med deltakarar, kollegaer og samarbeidspartnarar.
- Du evnar også til å bygge gode relasjonar på tvers av avdelingar og fagområder.
- Du skapar engasjement.
- Du er ein lagspelar med gode haldningar og god moral.
- Du er pliktoppfyllande og sjølvgåande.
- Du er ein kunnskapsrik og fagleg oppdatert.
- Du har godt humør.
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande tariffavtale.
- Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
Kontaktinformasjon
Stine Løvold, Verksemdleiar , 97005844, stine.lovold@alesund.kommune.no
Trine Heggen, Avdelingsleiar, 95773571, trine.heggen@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Hatlasvingen 46
6016 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ålesund kommune
Referansenr.:4470241709
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.02.2022
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.