Kommunikasjonsrådgivar digitale medier
Org. nr: 971278374 Stillingsident: 4366445452 Presentasjon av stillingen:
Vi søker ein allsidig og dyktig kommunikasjonsrådgivar med god kompetanse innanfor digitale medium.
Stillinga er ein del av teamet hos Statsbygg for bodskapsformidling. Arbeidsoppgåvene vil hovudsakleg vere bodskapsformidling på sosiale medium, statsbygg.no og på intranett. Du er ein flink historieforteljar med eit godt visuelt blikk, har journalistisk teft og kunnskap om film og bilde på digitale flater.
Arbeidsoppgåver
- kommunisere i digitale kanalar med relevante bodskapar og visuelle uttrykk
- kanalval
- analysering av brukarmønster og relevante målgrupper, effekt og måloppnåing
- annonsering og bodskapstesting
- journalistikk, historieforteljing, film og foto på digitale flater
Kvalifikasjonar
- høgare utdanning på masternivå innanfor kommunikasjon eller journalistikk
- kompetanse og arbeidserfaring innanfor formidling på digitale flater: brukarmønster og målgruppeanalyse, påverknad og måloppnåing, kanalval, strategisk kommunikasjon i digitale flater, forståing for algoritmar og teknisk funksjonalitet, kunnskap om annonsering og bodskapstesting
- kjennskap til Google Analytics og Facebook Business Manager
- journalistisk teft: finne nyheitssaker og evne til å «sjå» ei god historie
- kunnskap om bruk av film og foto på digitale flater
- kunne formidle komplisert stoff på ein enkel måte svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne. evne til å tilpasse formuleringar til vald flate og målgruppe
Personlege egenskapar
- må kunne jobbe sjølvstendig og hente inn informasjon på eiga hand
- vere resultatorientert
- ha stor arbeidskapasitet
- ha gode samarbeidsevner og være sosial
Vi tilbyr
Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver for ein av dei mest profesjonelle byggherrane i Noreg
Hyggeleg arbeidsmiljø med tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
eit engasjert fagmiljø
Faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
Fleksitid, støtteordningar for trening og eige bedriftsidrettslag
Stillinga blir løna etter kvalifikasjonar frå kr 520.000,- til 700.000,-. Løn er avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte kandidatar kan ein vurdere høgare løn. Av løna blir det trekt 2 % innskot til Statens Pensjonskasse.
Gjennom Statens pensjonskasse får du ei god pensjons- og forsikringsordning, samt tilbod om
bustadslån til gunstig rente.
Kontaktinformasjon
Hege Njaa Aschim, kommunikasjonsdirektør, 913 70 172
Arbeidssted
Biskop Gunnerus gate 6
0155 Oslo
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Statsbygg
Referansenr.:4366445452
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.04.2021
Om bedriften
Statsbygg er ein av dei største byggherrane og eigedomsforvaltarane i Noreg, og gjev råd til staten i bygge- og eigedomssaker. Dei 870 engasjerte og dyktige medarbeidarane våre bygger og driftar bygg med meining i heile Noreg og i over femti andre land.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Les meir om inkludering og mangfald her.
Etter søknadsfristen har gått ut, vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Søkjarar kan bli oppførte på søkjarlista sjølv om vedkomande har bede om konfidensiell hansaming.