Fast stilling som politioverbetjent i Møre og Romsdal politidistrikt
Org. nr: - Stillingsident: 4093364519 Presentasjon av stillingen:
I Møre og Romsdal politidistrikt har vi ledig fast stilling som politioverbetjent. Stillinga vil ha rolle som UEH-leiar, koordinator for operative fag, fag- og opplæringsansvarleg og hovudinstruktør. Ved eventuelt internt opprykk vil det bli ledig fast stilling som politiførstebetjent/instruktør.
Stillinga er for tida organisert ved Felles eining for operative tenester (FOT) ved Seksjon for operative fag. Arbeidsstad Ålesund, Molde, Kristiansund eller etter avtale. Ein må rekne med å reise noko i samband med jobben.
Dette er ei spennande og utfordrande stilling. Vi søkjer difor deg med stor arbeidskapasitet som er strukturert og har stort pågangsmot. Den rette kandidaten er strukturert og har gode samarbeidsevner.
Stillingsinnehaver skal arbeide tett saman med gruppeleiarar for UEH, HMS-rådgjevar, HR, instruktørar, hovudplanleggar, stabssjef, samt andre interne og eksterne aktørar. Det er forventa at ein held seg fagleg oppdatert og utvikler sin kompetanse i tråd med nasjonale føringar.
Organisering og fagansvar ved FOT er under evaluering og som resultat av denne evalueringa kan det bli endringar i arbeidsoppgåvene for denne stillinga.
Som medarbeidar i politiet kjenneteiknast du som modig og helhetsorientert, du viser respekt og er tett på. I vår vurdering av kandidatane vil vi vektlegge desse verdiane.
Du må ha plettfri vandel og vere skikket for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
Stillinga må søkjast på elektronisk. Attestar og vitnemål skal leggast ved søknaden elektronisk.
Arbeidsoppgåver
- Hovudinstruktør med fagleg ansvar for opplæring av operativt personell
- Leiar og fagleg ansvarleg for UEH
- Fag- og opplæringsansvarleg ved seksjonen
- Koordinering av IP-opplæring i politidistriktet
- Legge til rette for kunnskapsbasert erfaringslæring og etablering av god praksis
- Vere kontaktledd mot HR og andre aktuelle fagmiljø
- Tilrettelegge og planlegge opplæring
- Ved behov delta som instruktør
- Delta i nasjonalt fagnettverk
- Kan påleggast andre oppgåver
Kvalifikasjonar
- Politi(høg)skule
- IP3 godkjenning
- Instruktørutdanning innan operative disiplinar
- Erfaring som instruktør
- Brei og lang erfaring frå politi- og lensmannsetaten
- Relevant erfaring frå operativ teneste og UEH
- Erfaring som leiar er ein fordel
- Leiarkompetanse er ein fordel
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Gode IT-kunnskapar
- Må kunne klarerast for HEMMELEG
Personlege eigenskapar
- Du er strukturert, systematisk og engasjert
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du er åpen for endring og er lærevillig
- Du har stort pågangsmot
- Motivasjon og personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme framtidas politi.
- Fast stilling som politioverbetjent (SKO 0287) i Møre og Romsdal politidistrikt. Ved eventuelt internt opprykk vil det bli ledig fast stilling som politiførstebetjent/instruktør.
- Lønn frå lønnstrinn 61, som tilsvarar kr 542 400 brutto per år. Endeleg lønnsplasseringer avhengig av erfaring, kvalifikasjonar og ansiennitet.
- Det vert gitt godtgjering etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste.
- Tilsetting etter gjeldande regelverk, lov om statens ansatte, personalreglement mv.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK), med gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no. Det trekkast to prosent av løna til SPK.
- Møre og Romsdal politidistrikt er IA-bedrift og tilknytta bedrifthelseteneste
Kontaktinformasjon
Leif Einar Bergem-Ohr, Seksjonsleiar, 71 58 95 23
Arbeidssted
Møre og Romsdal politidistrikt
6005
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Møre og Romsdal pd
Referansenr.:4093364519
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 17.07.2019
Om bedriften
Møre og Romsdal politidistrikt har om lag 270 000 innbyggjarar i 36 kommunar. Politidistriktet har om lag 550 medarbeidarar. Distriktet er organisert med fem felles einingar, fire geografiske driftseiningar og tre støttestabar for politimeistaren. Politimeistaren og hans administrasjon er lokalisert i Ålesund.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Difor oppmodar vi alle kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, bakgrunn, alder, kjønn, arbeids- og livserfaring om å søkje jobb hos oss. Til leiarstillingar oppmodar vi særskilt kvinner om å søkje.
Etter at søknadsfristen er gått ut vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Det kan gjerast unntak for innsyn om ein søkjar der om det.
Ein må ha plettfri vandel og vere skikket for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
Tilsetting vil skje ut frå personreglementet for politiet og elles gjeldande lovverk. Hovudregelen ved tilsetting i staten er prøvetid på seks månadar, jf. statsansatteloven § 15, første ledd.
Våre medarbeidarar jobbar etter prinsippa i medarbeidarplattformen for politiet som innebere å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på.