Barnehagelærar og pedagogisk leiar
Stillingsannonsen er inaktiv.Vindafjord kommune
Rådhuset
Me søkjer:
Barnehagelærar og pedagogisk leiar i inntil 100% vikariat ved dei kommunale barnehagane i Vindafjord. Ledig frå 15.08.2019-14.08.2020, med mogelegheit for fast stilling.
Hovudarbeidsoppgåver
Frå august vil me ha behov for pedagogar i fleire av dei kommunale barnehagane i Vindafjord. Stillingane er ein del av grunnbemanninga og inngår i team som har fagleg ansvar for avdelinga og for eit godt pedagogisk tilbod til barnaObservasjon og tiltak i forhold til einskilde barn og gruppe inngår i arbeidet. Oppgåver elles i samarbeid med øvrige pedagogar (barnehagelærar og pedagogisk leiar) og i tråd med pålagte oppgåver frå leiinga.
Me kan tilby:
- Variert arbeid i positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Seniorordning
- Tilsetjing på vanlege vilkår
- Fra løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
- Kommunalt kor, KORe' Vindafjord www.korevindafjord.no
Kvalifikasjoner
- Godkjent utdanning som barnehagelærar
- Det er ønskeleg med erfaring frå barnehage
- Ein varm, tydeleg og grensesetjande vaksen
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
- Det krevs godkjent politiattest ved tilsetjing
Andre opplysninger
Kommunen har barnehagar i alle bygder, alt frå einingar der barnehage og skule utgjer oppvekstsenter og til barnehage med fleire avdelingar. Det er behov for pedagogar i barnehagelærar og pedagogiskleiar stillingar ved Bjoa-, Sandeid og Skjold barnehagar. Både deltid og heiltid, i hovudsak vikariat, men kan også verte fast.
Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagde tenester skal det og leggast fram godkjend politiattest.
Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn 3 mnd. Ta kontakt med helsesøster viss du er i tvil.
I tillegg skal personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Lønsvilkår
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Personlege eigenskaper
Me ynskjer deg som har gode leiar- og samarbeidsegenskapar. Er utadvendt, fleksibel, kan forstå barna sine behov og evner å byggja relasjonar. Me ynskjer at du skal bidra til å utvila barnehagen, er sjølvstendig, strukturert og har eit fagleg engasjement. Du må kunne delta i fysisk aktivitet med barna, og vera med å ta initiativ og ansvar for eigen og andre sin trivsel.
Søknad sendes
Vindafjord kommune ber alle våre søkjarar å søkje på stillinga elektronisk. Du kan laste opp attestar og vitnemål som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk eller i rett format må dei takast med til intervju. Du kan komme med på offentleg søkjerliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering av søkjerliste.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Vindafjord kommune
Adresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Vindafjord kommune er sentralt plassert på Indre Haugalandet og grensar mot Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Vindafjord har 9 bygder med 8.900 innbyggjarar. Kommunesenteret Ølen ligg 5 mil frå Haugesund. Vindafjord er ein storlandbrukskommune, har eit særs sterkt og variert næringsliv og ambisjon om å verasentrum for Indre Haugalandet. Kommunen ligg strategisk til og har ei lang kystlinje bådemot Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget. Saman med turstiar i skog og fjell, gjev dette gode høve til eit allsidig friluftsliv. Tenestetilbodet er godt utbygd både for born, unge og eldre.
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 2. mai 2019
Hentet fra: Vindafjord kommune
Referanse: visma.vindafjord.kommune.no/recruitment/opening?0?552
Stillingsnummer: 6c4f9c45-47a4-4a9d-9252-3960658b53c4