Fagsjukepleiar
Org. nr: 983974724 Stillingsident: 4243149383 Presentasjon av stillingen:
Avdeling for Kreftbehandling og medisinsk fysikk (Kreftavdelinga) er Vestlandet si regionale kreftavdeling. Vi har ansvaret for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Helse Vest RHF (Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane).
Kreft post 1 søkjer etter fagsjukepleiar med interesse for å arbeide i eit fagleg, aktivt og triveleg arbeidsmiljø med fokus på god pasientomsorg.
Fagstillinga er ei viktig del av leiarteamet på posten, med hovudfokus på forbetring av prosedyrar og rutinar, samt opplæring og undervising. I tillegg vere ei støtte ute i drift, ved behov. Stillinga er i utgangspunktet 60% adminstrativt og 40% i drift, med arbeid pt. kvar 6. helg.
Arbeidsoppgåver
- Opplæring og undervising i medikamentell kreftbehandling
- Opplæring og undervising generelt i avdelinga
- Lage nye, og oppdatere eksisterande prosedyrar og retningsliner
- Tett samarbeid med andre fagsjukepleiarar i avdelinga
- Fagleg støtte for kollegaer
- Oppdateringer av kurskjema i Cytodose
- Lage nye kurskjema i Cytodose
- Planlegging og gjennomføring av ulike typer simulering
- Oppdatering av pasientinformasjon
- Vere til hjelp i drift ved behov
Kvalifikasjonar
- Du har norsk autorisasjon som sjukepleiar og vidareutdanning i kreftsjukepleie
- Du må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
- Du har erfaring frå pasientarbeid i ei kreftavdeling
- Du har erfaring med å gi medikamentell kreftbehandling
- Du må kunne systemet Cytodose, og kunne oppdatere og redigere kurdefinisjonar i systemet
- Du kan Dips og Meona - slik at du kan vere ein fagleg støtte i desse systema
- Du har ellers gode IKT kunnskapar
- Du har erfaring frå fagstilling
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
- Du er stukturert, påliteleg og ryddig
- Du har evne til å arbeide sjølvstedig og ta sjølvstendige avgjersler
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
- Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg utvikling i det daglege arbeidet
- Høgt fagleg nivå
- Rettleiing og internundervising
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
Kontaktinformasjon
Siv Marian Årdal, Seksjonsleiar, 55973868, siv.marian.ardal@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4243149383
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.06.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.