Sjukepleiarstilling natt HBO - Skodje kommune
Org. nr: - Stillingsident: 4098862284 Presentasjon av stillinga:
HEIMEBASERT OMSORG
Heimebasert omsorg er ei avdeling innanfor helse- og omsorgseininga, og er lokalisert i 1. etg på Skodje omosrgssenter. Vi har ansvar for å yte tenester til heimebuande i kommuna, og er i dag omlag 25 årsverk knytt til avdelinga.
Vi har ansvar for å drifte 24 nye, heildøgnsbemanna omsorgsbustader, som er svært godt tilrettelagde, og med moglegheiter for velferdsteknologiske løysingar. Dette er eit bygg som legg til rette for rasjonell drift og effektive omsorgstenester.
For tida nattstilling i heimebasert omsorg, med arbeid fire netter i samband med helg- ei veke fri og 3 netter i midtveka osv.
Fast tilsetting er mogleg frå 1.9.19- evt før
Velferdsteknologiske løysingar er ein del av arbeidskvardagen vår
Arbeidsoppgåver
- Fagansvar på natta
- Utføre oppdrag hjå brukarar ute i heimane
- Rykke ut på alarmar
- Administrere nødvendige medikamenter
- Nytte velferdsteknologiske løysingar
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar, skrifteleg og munnleg
- Evne til å samarbeide og arbeide sjølvstendig
- Det må framleggast eigenerklæring for MRSA og tuberkolose, samt politiattest.
- Førarkort klasse B
Utdanningsretning
- Medisin/Helse/Sosialfag
Utdanningsnivå
- Høyskole/Universitet, Diplom/Bachelorgrad
Personlege Eigenskapar
- Personlege eigneskapar vert vektlagde
- Fleksibel
- Sjølvstendig
- Gode samarbeidseigneskapar
- Utviklingsorientert
- Løysningsorientert
Vi tilbyr
- Ei utfordrande stilling i ei kommune i omstilling og endring
- Eit godt arbeidsmiljø, basert på verdiane Trivsel, Identitet, Tryggleik og Entusiasme
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Mariann Ødegård, Avdelingsleiar
, 70244090/97062140, mariann.odegaard@skodje.kommune.no
Arbeidsstad
Skodje
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Skodje kommune
Ref. nr.:4098862284
Fast
Startdato: 01.09.2019
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 02.07.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4098862284&company_id=3080135180&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Skodje kommune er ein middels stor kommune i Møre og Romsdal, som ligg svært sentralt i Ålesundsregionen. Kommunen grensar til Ålesund i vest, Haram i nord, Vestnes i nord-aust, Ørskog i aust og Sykkylven over fjorden i sør.Skodje ligg kort veg frå Ålesund Lufthavn Vigra, og E39 går tvers gjennom kommunen.Den sentrale plasseringa, gjer at Skodje er ein attraktiv bu-kommune. Her bur ein nær både natur og by, og har kort veg til ein stor arbeidsmarknad i og omkring kommunen.
Skodje kommune har 4 620 innbyggjarar (pr.01.01.2016), og har hatt ein svært sterk vekst dei siste åra. Skodje har ei ung befolkning, der omlag 60% av innbyggjarane er under 40 år.
Skodje har eit flott fjordlandskap med gode vilkår for fiske og friluftsliv. Kommunen er omkransa av vide skogar med idylliske sætrar og gamle skogsvegar, snaufjell og toppar med vidt utsyn. Her er spesielt gode tilbod for eit aktivt friluftsliv året rundt.
Skodje kommune er ei kommune i utvikling med omlag 400 tilsette innanfor alle offentleg tenesteområde. For meir informasjon se våre heimesider: https://www.skodje.kommune.no