Pedagogisk leiar / barnehagelærar - Bø barnehage - vikariat
Org.nr.:920290922 Stillingsident: Bø barnehage Presentasjon av stillingen :
Kort om stillinga
Bø barnehage har ledig eit vikariat som barnehagelærar / pedagogisk leiar i 100% stilling i samband med oppretting av ny småbarnsavdeling ved Bø barnehage Stillinga er ledig frå 01. februar til 15.08.2021. Det kan bli aktuelt med andre stillinga etter dette.
Om arbeidsstaden Bø barnehage har no 4 avdelingar. Barnehagen tok i bruk heilt nye lokale 1/1 2021 i Bøvågen.
Arbeidsoppgåver / Ansvar
-planlegging og gjennomføring av pedagogiske oppgåver
-nært samarbeid med dei andre pedagogane og resten av personalet
Kompetanse
Godkjent utdanning som barnehagelærar.
Eigenskaper
Vi ønskjer at du er systematisk, har god munnleg og skriftleg framstillingsevne . Nyttig m.a. ved arbeid med dokumentasjon.
Samarbeidsvilje, sjølvstende, kommunikasjonsevne, litt "galskap" og godt humør vil og bli vektlagt.
Vi ønskjer ein barnehagelærar som arbeider for å gi barna ein rik og allsidig utvikling ved å legge til rette for leik og læring i trygge og utviklande omgjevnader. Du planlegg og gjennomfører aktivitetar og prosjektarbeid i tråd med barnehagen sine mål og visjonar og driv pedagogisk arbeid med barn individuelt og i grupper.
Du har menneskeleg og pedagogisk innsikt og er kreativ og i stand til å tenkje sjølvstendig .Det er viktig å ha evne til å sjå enkeltbarn, samtidig som du har oversikt over barnegruppa i omsorgs- og læringsmiljøet.
I samarbeid med personalet og styrar har du som barnehagelærar hos oss stor grad av fridom til å velje korleis du vil jobbe med grunnlag i Rammeplan for barnehagar og barnehagen sin årsplan.
Vi oppmodar menn til å søkje på stillinga..
Lønsvilkår
Løna i stillingskode 6709 barnehagelærar. Vilkår for arbeidstid følgjer vanlege kommunale vilkår med arbeidstidsordning som barnehagelærarar.
Årsløn i heil stilling kr 411 400 ,- aukande til 506 400,- etter 16 årsansiennitet. For særskild kvalifiserte søkarar kan anna lønsplassering vurderast. Det er eit tillegg kr 20 000 for ansvar som pedagogisk leiar.
Politiattest
Til stillinga er det krav om tilfredstillande politiattest heimla i forskfirt til barnehagelova. Den må visast fram ved tiltrede og vert makulert av oss etter framvisning.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt HR-avdelinga. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Gro Håland, Tlf: +47 95229013, Epost: gro.haland@alver.kommune.no
Om bedriften
Alver kommune er ein heilt ny kommune! Vi er ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.650 tilsette. Kommunen ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og opne hav til høge fjellområde og lokale toppar. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv.
For å løyse og utvikle oppgåvene til kommunen vår treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar, som opplever at oppgåvene og bidraget deira er meiningsfylte og del av eit viktig samfunnsoppdrag.