Helgastilling i Bremanger kommune, for tida ved Svelgen omsorgssenter
Org.nr.:959 318 166 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Vi har ledig 20% vikariat på helg, for tida ved Svelgen omsorgssenter.
Vikariatet er i frå 01.09.2019 og i eitt år, med mogelegheit for forlenging.
Vi søker etter :
Vi søkjer fortrinnsvis etter medarbeidarar med fagbrev innan helsefag, men andre med erfaring og interesse for faget kan søkje.
Stillingane har arbeid anten 2. kvar helg eller 3.kvar helg etter avtale.
Du som vert tilsett må:
- Nytte norsk munnleg og skriftleg
- Levere politiattest av nyare dato
Vi kan tilby:
- Løn etter avtale
- God pensjonsørdning og heildøgns forsikring
- Tilsetjing etter gjeldande lover og reglar
- Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass
Om arbeidsplassen:
I mars 2016 flytta vi inn i eit heilt nytt omsorgssenter i Svelgen. Her arbeider vi på ein moderne og godt tilrettelagt arbeidsplass.
Medarbeidarane har i stor grad fått høve til å vere med å <> arbeidsplassen. Omsorgssenteret er delt inn i fem einingar som m.a.; demens, rehabilitering og lindrande pleie.
Vi arbeider i årsturnus, og ny turnus er planlagt å starte opp i mars 2020.
Vi har fleire ressursteam, der det er mogleg å fordjupe seg, m.a. demens, palliativ, omsorg og kreft.
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg arbeidsmiljø ilag med mange gode
medarbeidarar!
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om deg som søkar bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkarlista.
Dersom du ønsker unntak frå offentleg søkarliste må du grunngje det særskilt i eige dokument sendt til post@bremanger.kommune.no eller Bremanger kommune, pb 104, 6723 Svelgen.
Alle søkarar til ledige stillingar i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Hilde Gretha Hauge, Mobil +47 95989310, Epost: hilde.gretha.hauge@bremanger.kommune.no
Om bedriften
Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med ca. 3.900 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informansjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no