Rådgjevar Kirurgisk klinikk
Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar Kirurgisk klinikk
Oppstart
3. februar 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. desember
Kirurgisk klinikk har om lag 1000 tilsette og ansvar for eit brutto budsjett på 950 millionar kroner. Klinikken er sentral for at vi skal kunne yte god pasientbehandling innanfor eit stort spekter av fagområde ved sjukehusa våre.
Klinikken har 7 avdelingar: Avdeling for AIO, prehospital avdeling, avdeling øyre, nase, hals, kirurgisk avdeling, augeavdeling, ortopedisk avdeling og kvinneklinikken. Klinikken har verksemd på alle dei tre sjukehusa i Helse Førde sitt ansvarsområde.
Tiltreding snarast/etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer ein fleksibel og handlingsorientert rådgjevar til staben i Kirurgisk klinikk. Oppgåvene kan endre seg over tid, avhengig av kompetanse og pågåande prosessar i klinikken/helseføretaket. Stillinga omfattar både oppgåver innan forvaltning og prosjektarbeid.
- Assistere klinikkdirektør i forvaltningsarbeid og internkontroll
- Fasilitere og førebu klinikken sine møtefora
- Tilrettelegge og koordinere prosjektarbeid i klinikken i samarbeid med leiinga
- Oppgåver knytt til utvikling og fasilitering av innføring av digitale tjenester i klinikken
Kvalifikasjonar/personlege eigenskapar
- Stillinga føreset høgare utdanning, minimum på bachelornivå.
- Erfaring frå prosjekt- og endringsarbeid er ønskjeleg
- Erfaring frå samarbeid på tvers av yrkesgrupper og organisatoriske einingar er ønskjeleg
- Føretaket er i endring og du må vere oppteken av forbetringsmetodikk og vere innstilt på å arbeide med langsiktige prosessar saman med tilsette på alle nivå.
- Gode evner til saksførebuing og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
- Proaktiv haldning
- Kreativ og løysingsorientert
- Evne til å skape tillit og samarbeid med andre faggrupper og på tvers av klinikkane
- Må kunne ta ansvar og arbeide sjølvstendig
Personlege eigenskapar og motivasjon vert vekta høgt
Vi tilbyr
- Vi tilbyr eit godt og utfordrande arbeidsmiljø.
- Rett person vil få store moglegheiter til å påverke viktige leiings- og utviklingsprosessar i organisasjonen.
- Lønn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Bjørn Morten Øen, Påtroppande klinikkdirektør, +47 902 06 100Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4883964733
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 03.02.2025
Søknadsfrist: 15.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Bjørn Morten Øen
Påtroppande klinikkdirektør
+47 902 06 100
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2801963
- Hentet fra
talentech
- Referanse
be7e4513d19d427bb7315ba72939e30f