Personalkonsulent Vikariat - Arkivsak 18/362
Frå april 2019 har Vang kommune ledig 100 % vikariat som personalkonsulent fram til ca 1.oktober. Stillinga er ein del av rådmannen sin stab. Arbeidsoppgåver er i hovudsak:
-
Sakshandsaming
-
Rådgjeving
-
Rekruttering og tilsetjing
-
Tariffoppgjer og forhandlingar
-
HMS- og IA-arbeid
-
Internkontroll
-
Utviklingsarbeid
Det er ynskjeleg at søkjarar har:
-
Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå
-
Relevant praksis
-
God kjennskap til lov- og avtaleverk for kommunal sektor
-
God evne til samarbeid
-
Gode datakunnskapar
-
Personleg egnaheit.
At søkjar har relevant praksis vil bli tillagt stor vekt.
Me tilbyr godt arbeidsmiljø, løn etter avtale, god forsikrings- og pensjonsordning, fleksibel arbeidstid og hjelp til å skaffe bustad.
Som personalsystem brukar me Visma Enterprise HRM og Acos til saksbehandling. Vang kommune har nynorsk som målform.
Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å ringe rådmann Reidar Thune på telefon 61 36 94 12 eller 91 31 51 47.
Søknad med attestar og vitnemål merka arkivsak nr. 18/362 sendast elektronisk, med søknadsfrist 31. mars 2019.