Feiar
Org. nr: 820 956 532 Stillingsident: 4202081086 Presentasjon av stillingen:
Kinn brann og redning søker 2 feiarar i 100 % fast stilling.
Arbeidsoppgåver
-Informasjonsarbeid om brannrisiko og brannvern i heimen
-Feiiing av piper
-Tilsyn med fyringsanlegg
-Feiing av fritidsbustader
-Brannførebyggande arbeid med særleg vekt på risikogrupper
-Motivasjons- og informasjonsarbeid
Saksbehandling innan eige saksfelt
Kvalifikasjonar
Det brannførebyggande arbeidet har endra seg frå å vere eit regelstyrt arbeid, til eit meir risikobasert og brannførebyggande arbeid. Tverrfagleg kompetanse er ei styrke og vi ønsker å tilsette personar med ulik kunnskap og erfaring for å sikre breidde i dette arbeidet. Det er ønskeleg med allsidig bakgrunn frå områder innan helse eller brann, eller med bakgrunnserfaring frå utsette grupper.
Følgande vil vektleggast:
-Vere trygg og motiverande
-God framstillingsevne
-Stor gjennomføringsevne og beslutningsdyktigheit
-Gode samarbeidsevner
-Takle å arbeid i høgda
-Fagbrev som feiar
-Førarkort minimum klasse B
Personlege eigenskapar
-Beherske norsk både munnleg og skriftleg
-Ha gode kunnskapar om bruk av data
-Ha god fysikk og helse som er forenlig med feiaryrket
-Positiv og serviceinnstilt ovanfor alle typer menneske
Politiattest må framvisast ved tilbod om stilling
Vi tilbyr
-Løn etter avtale
-Gode pensjons- og forsikringsordningar
-Eit godt arbeidsmiljø som er fagleg, sosialt og engasjerande
-Ei spanande stilling i ein region der mykje kan skje og med tilsette som er motiverte for sin jobb
-Gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter i ein meiningsfull og utfordrande arbeidskvardag
-Gode treningsmoglegheiter
-Fleksibel arbeidstid
-Arbeidsstad Florø eller Måløy.
Kontaktinformasjon
Kim Hjelle, Brannsjef, 91832818, kim.hjelle@kinn.kommune.no
Geir Sagevik, Avdelingsleiar førebyggjing, 90113010, geir.sagevik@kinn.kommune.no
Ninja Tolo Ness, HR-rådgjevar, 97096368, ninjatolo.ness@kinn.kommune.no
Arbeidsstad
Markegata 51
6900 Florø
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Kinn kommune
Referansenr.:4202081086
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.03.2020
Om bedriften
Kinn kommune blir den åttande største kommunen i nye Vestland fylke med våre 17.500 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi 1600 tilsette og eit mål om "tidenes kompetanseløft". Kinn er ein kommune med delt kommunesenter. Det betyr at vi har lik fordeling av toppleiarstillingar mellom Måløy og Florø.