Ferievikar som heimehjelp i Svelgen/Davik området
Org. nr: - Stillingsident: 4469116879 Presentasjon av stillingen:
Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte medarbeidarar for sommaren 2022 .
Vi søkjer om medarbeidarar som heimehjelp.
Arbeidsoppgåver
I heimetenestene i Svelgen og Davik søkjer vi deg som er motivert, engasjert, kan arbeide sjølvstendig og er ein interessert medarbeidar. Arbeidet kan også innhalde rettleiing, hjelp til pleie -og ivareta dei daglege funksjonane til tenestmottakarane.
Søkjarane må ha sertifikat til bil og gjerne moglegheit til å nytte privat bil.
Du må kunne nytte norsk munnleg og skriftleg godt, då kommunikasjon med tenestemottakarar og kollegear er ein stor og viktig del av arbeidet
Kvalifikasjonar
Vi søkjer personar med erfaring frå pleie og omsorg, gjerne ferdig utdanna -- eller under utdanning innen helse -- og sosialfag. Personar med interesse for helsefaget er positive og arbeidsvillege -- er òg hjartleg velkomne til å søkje.
Den som vert tilsett må kunne nytte norsk munnleg og skriftleg godt, då kommunikasjon og dokumentering er ein viktig del av arbeidet.
Vi tilbyr
Vi kan tilby utfordrande og spanande arbeidsoppgåver i godt arbeidsmiljø ilag med erfarne kollegar.
Løn
Høgskulestudentar under relevant utdanning, lønnar Bremanger Kommune over tariff.
Etter fullført godkjent utdanning vert ein lønna som fagpersonell som ellers i kommunen.
Tilsetjing skjer etter gjeldande lover og reglar.
Hovudferieavviklinga vår er veke 25-32. Vi ynskjer at sommarvikarane arbeider minimum 4 veker i løpet av sommaren. Dei som får tilbod om arbeid må arbeide i alle fall i vekene; 28,29,30 og 31.
Alle som får tilbod om arbeid må legge ved godkjent politiattest. Dette må vere i orden før ein startar i sommarjobben.
Det kan også vere aktuelt å forlenge engasjementet vidare utover året eller i helgane.
Kontaktinformasjon
Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, 95989310
Arbeidsstad
6723
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bremanger kommune
Referansenr.:4469116879
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 15.02.2022
Om bedriften
Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med ca. 3.600 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no