AMK operatør - fast stilling
Org. nr: - Stillingsident: 4399413473 Presentasjon av stillingen:
AMK sentralen Førde har ledig følgjande stilling:
- 50% fast stilling frå 01.07.2021
AMK sentralen er ein spennande og utfordrande arbeidsplass med mange varierte oppgåver.
Sentralen handterar 113-telefonar for ca. 110.000 innbyggjarar og har all ambulansekoordinering i region Sogn og Fjordane.
AMK har nært samarbeid med m.a. Ambulansetjenesta, Luftambulansetjenesta, Interkommunal legevakt, Akuttmottak, personell og avdelingar i Helse Førde.
AMK Førde har eit tett samarbeid med AMK Bergen på 113 telefonar, samt AMK Stavanger og Haugesund.
Vi har undervisningssjukepleiar, opplæringsplan for nytilsette og resertifiseringsprogram for våre medarbeidarar. Alle får oppgåver og ansvar i takt med opplæring innan dei ulike arbeidsområda. Det er vårt mål at alle skal kjenne seg trygge i arbeidssituasjonen til einkvar tid. Dette er ein ordning som gir ein fleksibel bruk av personell og rom for fagleg oppdatering.
Stillingane er for tida planlagd i årsturnus, med tredelt vaktbelastning (12 timar skift blir evaluert i samband med årsturnus). Stillinga kan delast.
Arbeidsoppgåver
- Handtering av 113 henvendingar
- Handtering av ambulansebestillingar
- Varsling og koordinering av ambulanseoppdrag
- Varsling og koordinering av luftambulanse Førde og seaking Florø
- Utkalling av akutt team på sjukehus
- Arbeid i seksjoner AMK samarbeider med bemanningsmessig
Kvalifikasjonar
- Vi ønskjer fortrinnsvis søkarar med AMK/ legevaktssentralkompetanse
- For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon som sjukepleiar og/eller ambulansearbeider
- Ønskjeleg med erfaring frå klinisk verksemd, ambulanseteneste (autoriasasjon / utrykningsførerbevis), legevakthandtering
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
- Må beherske engelsk. Andre språk er ein fordel
- Grunnleggjande dataferdigheter
- Personlige eigenskapar vert vektlagt
Utdanningsretning
- Sjukepleie
- Ambulansefag
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner
- Strukturert
- Sjølvstendig
- Beslutningsdyktig
- Normal hørsel
- Ha respekt for kvar enkelt pasient
- Vere ein god teamarbeidar
- Utadvent
- Må ha høg arbeidsmoral
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Like varierte utfordringar
- Serviceinnstilt
Language
- Engelsk
- Norsk
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Kompetanseutvikling i form av fagstige
Kontaktinformasjon
Helene Høiset Sæterdal, Seksjonsleiar, (+47) 415 30 336
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Førde
Referansenr.:4399413473
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 25.06.2021
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.