Fagbioingeniør Virologisk seksjon - Mikrobiologisk avdeling
Presentasjon av stillinga:
Mikrobiologisk avdeling er ei avdeling i Laboratorieklinikken. Med sine om lag 100 tilsette er avdelinga eit av dei største mikrobiologiske laboratoria i landet. Vi tek i mot prøvar frå pasientar i sjukehus og frå primærhelsetenesta. Vi gjer vårt beste for at mikrobiologiske prøvar vert analysert raskt og med god kvalitet. Avdelinga er akkreditert etter ISO 15189. Ved Virologisk seksjon vert det analysert prøvar med ulike metodar og på ulike analyseinstrument.
Seksjonen har ledig fagbioingeniøstilling med ansvar for analyse av klamydia og gonore på instrumentet Panther.
Arbeidsoppgåver
- Fagbioingeniør skal:
- Ha ansvar for analysering av klamydia og gonore på helautomatisk instrument
- Sørgje for at prosedyrar vert utarbeid og vedlikehaldt
- Følgje opp kvalitetskontrollar
- Delta i opplæring og undervising
- Bidra i kvalitetsarbeidet
- Delta i dagleg drift ved seksjonen
- Blodprøvetaking
- Delta i aktuell vaktordning
Kvalifikasjonar
- Autorisert bioingeniør
- Gjerne erfaring frå drift av helautomatiserte anlyseinstrument
- Relevant vidareutdanning og anna relevat erfaring er positivt
Utdanningsretning
- Bioingeniørfag
Utdanningsnivå
- Profesjonsstudium
Personlege Eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Kunne jobbe selvstendig
- Må kunne norsk godt både skriftleg og munnleg
Vi tilbyr
- Spennande oppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Jorunn Nygård, Sjefsbioingeniør, 55 97 57 89
Arbeidsstad
Bergen
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Bergen
Ref. nr.:4043870361
Stillingsbrøk: 100%
Fast heltid
Startdato: 01.06.2019
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 31.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4043870361&company_id=5301609&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.