Helsefagarbeidar/barnepleiar
Seksjonen er ei kombinert føde/barsel/gyn avdeling og har ca 500 fødslar i året og 5 gynekologiske senger. Som medarbeidar får du ein variert arbeidskvardag i ei til tider travel og triveleg avdeling. Vi legg vekt på godt tverrfagleg samarbeid. Relevant sjukehuserfaring vil bli vektlagt.
Arbeidsoppgåver
- Yte god barselpleie for mor og barn
- Ammerettleiing og foreldrerettleiing til mor og partnar
- Assistere ved fødslar, andre operative inngrep.
- Assistere ved pleie av gynekologiske pasientar.
- Datadokumentasjon.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar.
- Må berherske norsk skriftleg og munnleg
- Relevant sjukehuserfaring vil bli vektlagt.
- Må ha alminnelige gode datakunnskapar.
Utdanningsretning
- Helsefagarbeidar / Hjelpepleie
Utdanningsnivå
- Vidaregåande skule
Personlege eigenskapar
- Strukturert
- Pasientorientert
- Sjølvstendig
- Gode kommunikasjonsevner
- Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
Språk
- Norsk
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Triveleg arbeidsmiljø.
- Høgt fagleg nivå.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
Mangfaldserklæring
Helse Vest HF ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Vest HF ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Isabel Solvang Tofte, Seksjonsleiar, (+47) 478 260 86Arbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4617244950
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 20.03.2023
Søknadsfrist: 21.02.2023
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.