Dyktig og allsidig kyrkjetenar
Lyst til å arbeide saman med oss i kyrkja i Tokke? Ein av våre kyrkjetenarar gjeng av med pensjon 1. november og det er difor ledig stilling som kyrkjetenar, ein viktig stilling i vår verksemd. Stillinga omfattar noko kveldsarbeid, samt noko arbeid på laurdag og sundag og andre helgedagar som det gis tillegg for. Arbeidet er variert og allsidig. Kyrkjetenar har mellom anna ansvar for reinhald og tilrettelegging av kyrkjene for handlingar og deltaking i desse, oppfølging av HMS for bygga samt ulike vedlikehaldsoppgåver. Arbeidet som gravplassarbeidar innebærer allsidige oppgåver innanfor gravplassdrifta, mellom anna gravearbeid og arbeid med grøntanlegg.
Stillinga er 80% med fordeling av arbeid 60% i vinterhalvåret 15.10 - 14.04 og 100% i sumarhalvåret 15.04 - 14.10.
Kvalifikasjonar:
- Praktisk anlagt og gjerne med gartnarfagleg bakgrunn
- Krav om at søker har god fysisk og psykisk helse til å utføre dei oppgåver som er nemnd ovanfor
- Krav om førarkort BE
- Maskinerfaring vil bli vektlagt og det er ynskjeleg med maskinførarbevis (gravplass)
- Disponere egen bil
- Kjennskap til kyrkja si verksemd
- Medlemskap i Den norske kyrkja (kyrkjetenardelen)
- Initiativrik, samarbeidsvillig, fleksibel, løysningsorientert og evne til initiativ/ansvar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Meistre nynorsk både munnleg og skriftleg
- Personlegdom har stor betyding
- Krav om barneomsorgsattest (jf. kyrkjelova §29, 2 ledd)
Anna:
- Løn- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk og tilsetting i samsvar med kvalifikasjonskrav.
Om bedriften
Tokke kommune ligg nesten yvst i Telemark. Tokke kyrkjelege fellesråd (TKF) er administrativt organ for Dnk sine sokn i Tokke kommune; Eidsborg, Mo og Skafså sokn og Høydalsmo og Lårdal sokn. TKF har ledig stilling som kyrkjetenar/kyrkjegardsarbeidar i 80% stilling. Kyrkjekontoret er på kommunehuset i Dalen som er administrasjonssenter i Tokke kommune. Kyrkjelydane er utprega folkekyrkjelege, med høg oppslutning om dåp, konfirmasjon og gravferd. Det er fast gudstenestefri ein helg i månaden. Stabsmøte ein gong i mnd. Det er 5 kyrkjer og 5 gravplassar i kommunen.
TKF har totalt 5,85 årsverk fordelt på 9 faste tilsette og tilsette på kortare engasjement i gjennom året (sesongarbeid og vedlikehald).